Møtet fann stad like etter deira ordinære møte i ungdomsrådet fredag 21. april.
Ordførar Trine Lindborg leia møtet, der også politiet ved Oddbjørn Dyrdal, kommunalsjef for oppvekst Line Rye og SLT-koordinator Elin Tuft deltok.
- I møtet snakka vi om korleis vi skulle strukturere møta og kva vi ville få ut av dei. Vi hadde mange gode diskusjonar rundt bordet, og det er allereie fleire oppfølgingspunkt til neste møte i oktober, seier SLT-koordinator Elin Tuft.
- Eg er veldig glad for dette møtet. Det er viktig å jobbe saman med ungdommen, og det at vi samlast på tvers av einingar er kjempebra. Samarbeid og samhandling mellom politi, ungdommane og kommunen kjem til å styrka oss alle, seier ordførar Trine Lindborg.