Gjer deg klar for vintersykling hos Livskvalitet

Det er tid for vintersykkelkampanje, og Miljøløftet spanderer omlegging til piggdekk og halv pris på nye piggdekk hos Livskvalitet. Lokalt, her i Bjørnafjorden.

Teikning av syklist med refleks og lys framme og bak - Klikk for stort bilete Miljøløftet

Vintersykkelkampanjen startar i dag og varar fram ril 1. desember eller så langt lageret rekk. Det er med andre ord først til mølla-prinsippet som gjeld.

Miljøløftet går igjen saman med sykkelbutikker og andre lokale aktører slik at du kan sykle trygt hele vinteren: Kjøper du det eine piggdekket, spanderer Miljøløftet det andre. Omlegging er også inkludert. 

I år samarbeider Miljøløftet med Livskvalitet, som held til i Brugata 7 i Osøyro sentrum. Der kan du kjøpe eit piggdekk og få det andre til halv pris, og byte til piggdekk er gratis enten du kjøper nye piggdekk eller har med dine eigne. 

Livskvalitet har ope måndag-fredag klokka 10–15. Torsdag er det ope klokka 10–18.

Les meir på Miljøløftet sine sider.

Og hugs: refleks deg sjølv og lys framme og bak på sykkelen.