Mange søkte i 2025
I år kom det inn 19 søknader, frå 7 gutar og 12 jenter. Det var ei kraftig auke i søknader samanlikna med fjor. Det har vore god fordeling på ulike kunstformer og idrettsgreiner, og sterke kandidatar til stipenda for 2025. Det er ikkje lett å samanlikne søkarane. Alle er talent på sine respektive område og fortener eit stipend. Med mange ulike kulturformer i søknadsbunken, vil det vere tilsvarande mange måtar å satse på og utvikle talentet sitt. Karrierevegen for for eksempel ein musikar er svært annleis enn for den som vil fram innanfor ein idrett.