Gravid? Bli med på kurs for førstegongsforeldre

Å skulle bli foreldre kan vere både spennande, skremmande og overveldande på éin gong. Då kan det vere veldig godt å førebu seg litt.
 

Illustrasjonsfoto: Drew Hays/Unsplash

Få god og kvalitetssikra informasjon og råd frå jordmor og helsesjukepleiar på vårt populære kurs for førestegongsforeldre. 

  • Kurset er eit tilbod til førstegongsforeldre busett i Bjørnafjorden kommune som ønskjer å førebu seg på fødsel, amming, barseltid og foreldrerolla.
  • Kurset er tilpassa førstegongsfødande frå svangerskapsveke 30. Vi har kurs gjennom heile året.
  • Kurset går over tre kveldar i Dragesetbygget i Os sentrum.
  • Kursavgift kr 200,-

Les meir og sjå kursdatoar for 2024