Har du barn mellom 3 og 17 år? Då har du fått ein e-post frå Barnefamiliepanelet

Barnefamiliepanelet er ei spørjeundersøking om barn og unge sine fritidsvanar. Vi håpar du vil svare! Det gir verdifull innsikt i kvardagen til barnefamiliar i Vestland.

Resultatet frå undersøkinga gir kunnskap som kommunane og andre kan bruke i arbeidet med å legge til rette for betre tilbod og gode lokalsamfunn.

Invitasjon til å delta i undersøkinga blir sendt ut på e-post til alle med folkeregistrert adresse i Bjørnafjorden kommune og resten av Vestland som har barn i alderen 3 til og med 17 år. Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold rundt fritida til barnefamiliane, slik som barnet sine medievanar og deltaking i kulturaktivitetar, idrett og fritidstilbod, i tillegg til spørsmål om forelderen sine fritidsvanar, økonomi og utdanning. 
Det tar om lag 15 minutt å svare på undersøkinga.

Kvifor er undersøkinga viktig?

Resultata frå undersøkinga vil gi eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett, friluftsliv og andre fritidsområde.
Undersøkinga er relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.

Barnefamiliepanelet

Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. Barnefamiliepanelet vart gjennomført i heile Vestland for første gong i 2022 og blir gjennomført for andre gong i juni 2025. 
Bergen kommune og Vestland fylkeskommune samarbeider om undersøkinga, som blir sendt ut til alle barnefamiliar (3-17 år) i Vestland fylke.  

Les meir om undersøkinga i 2025

Les meir om Barnefamiliepanelet på nettsidene til Vestland fylkeskommune