Har du hjarterom og husrom? Bli fosterfamilie!

Når eit barn eller ein ungdom treng ein fosterheim, er det ofte bra å få bli verande i nærmiljøet. Kan du hjelpe? Du kan gjere ein stor forskjell i eit ungt liv. 

Interessert i å vite meir om å vere fosterheim? 
Bli med på digitalt informasjonsmøte!

Det er heilt uforpliktande.

Bli fosterheim

Mange barn ventar på ein fosterheim. For dei fleste av barna er det best å få bu i nærmiljøet sitt, men i dag må mange barn likevel flytte langt frå vener, familie, skule og fritidsaktivitetar.

Målet til barnevernet i Bjørnafjorden er at fleire barn i skal få bu i nærmiljøet sitt, fortsette på skulen, fotballaget, turn eller i korpset, og ha kontakt med vener og familie, sjølv om dei ikkje kan bu saman med foreldra sine.

Ulike barn treng ulike fosterfamiliar. Det finst alle typar konstellasjonar blant fosterforeldre, gifte, sambuarar, einslege, likekjønna partnarar, unge og gamle. Det trengst òg fleire fosterforeldre med fleirkulturell bakgrunn som snakkar ulike språk.

Informasjonsmøte om fosterheim
Kva oppfølging får eg som fosterforelder i Bjørnafjorden?
Økonomi

Saman gir vi barn ein trygg kvardag

  • Ein fosterheim gir omsorg og støtte til barn og unge som ikkje kan bu heime hos foreldra sine, i kortare eller lengre periodar.
  • Det kan vere mange årsaker til at barn treng ein annan stad å bu, men felles for alle barna er behovet for omsorg og tryggleik. 
  • Det er viktig at fosterheimen kan gi barnet ein stabil og føreseieleg kvardag prega av varme, omsorg og støtte, og at de inkluderer barnet i dagleglivet som ein del av familien. Evne, tid og overskot til å gi barn ein trygg og god heim er ein føresetnad for å kunne vere fosterheim.
  • Mange barn skal ha samvær og kontakt med foreldre, søsken og andre viktige personar. Det er ei viktig oppgåve for fosterforeldra å legge til rette for og støtte barnet i dette.