Har du hus- og hjarterom for eit barn som treng det?No søkjer vi både besøksheimar og fosterheimar for barn i Bjørnafjorden. Du kan gjere ein stor forskjell i eit ungt liv.- Det skal ei heil bygd til for å oppdra eit barn, heiter det. Vi treng trygge vaksne som kan gi omsorg og tryggleik til fleire barn enn sine eigne. Jeremiah Lawrence/Unsplash Besøksheim og fosterheim er hjelpetiltak for barn og familiar, retta mot ulike målgrupper med forskjellige utgangspunkt. Les meir om kva dei ulike tiltaka inneber og om dette er noko som kunne passe for deg og din familie: Bli besøksheimMange barn ber på tung bagasje. Som besøks- eller fosterheim kan du vere med å fylle ryggsekken med noko godt og trygt. Daiga Ellaby/Unsplash Gi eit barn gode opplevingar og verdifull avveksling frå ein krevjande kvardag. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak, kor ein familie tar imot eit barn eller søsken på oppdrag frå kommunen. Besøksheim bli ofte brukt når foreldre treng avlasting, eller når barn har behov for ekstra støtte og omsorg i periodar. Kortvarige opphald, ofte èi eller fleire helger i månaden. Besøksheim er ikkje det same som fosterheim og skal ikkje erstatte barnet sin heim. Besøksheimen samarbeider med barnet sine foreldre og kommunen, og får rettleiing og kompensasjon for oppdraget.Besøksheimen skal vere ein ekstra ressurs og eit “pusterom” for barnet, samstundes som det er ei støtte for foreldre med særleg tyngande omsorgsoppgåver.Det er viktig at besøksheimen har tid, overskot og overnattingsplass til eit ekstra barn, og at de kan gi barnet varme, tryggleik, positive opplevingar og avveksling i ein krevjande kvardag.Søk om å bli besøksheim Interessert i å vite meir om å vere besøksheim eller fosterheim?Ring Familiens hus på telefon 90 18 28 50 Det er heilt uforpliktande. Bli fosterheimAlle barn treng omsorg og støtte på vegen vidare. Som besøks- eller fosterheim kan du gi barn tryggleiken og stabiliteten dei kanskje ikkje får andre stader. Annie Spratt/Unsplash Gi eit barn omsorg og tryggleik i livet.Ein fosterheim gir omsorg og støtte til barn og unge som ikkje kan bu heime hos foreldra sine, i kortare eller lengre periodar.Det kan vere mange årsaker til at barn treng ein annan stad å bu, men felles for alle barna er behovet for omsorg og tryggleik. Det er viktig at fosterheimen kan gi barnet ein stabil og føreseieleg kvardag prega av varme, omsorg og støtte, og at de inkluderer barnet i dagleglivet som ein del av familien. Evne, tid og overskot til å gi barn ein trygg og god heim er ein føresetnad for å kunne vere fosterheim.Barnet skal ofte ha samvær og kontakt med foreldre, søsken og andre viktige personar. Det er ei viktig oppgåve for fosterforeldra å legge til rette for og støtte barnet i dette.Ta kontakt dersom du ønskjer å vere fosterheim. Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal Sist endra 16.10.2025 08:50