Har du sett denne løva?

Arkivfoto: Kultureininga I over hundre år har to slumrande marmorløver vakta inngangen til den gamle barneheimen i Mobergslia, praktbygget som opphavleg tilhøyrde statsminister Christian Michelsen.

Men no er det berre éi løve att. Den andre forsvann i løpet av sist helg. Har du sett eller høyrt noko om løverøveriet?
Hjelp marmorløva tilbake til Mobergslia!

Skulle restaurerast

Planen var at løvestatuane innan kort tid skulle fjernast for å bli restaurerte og tilbakeførte til fordums prakt - men den eine løvestatuen blei altså bortført før ein kom så langt.
Løvene er laga i marmor frå Carrera i Toscana og veg fleire hundre kilo. Den - eller helst dei som har tatt med seg løvestatuen, må altså ha brukt bil, god tid og mykje krefter på operasjonen.

Bortføringa har truleg skjedd i løpet av helga, mellom laurdag 19. og søndag 20. mars.

Håpar på angrande syndarar

- Marmorløvene frå Mobergslia er kunstverk og kulturminne. Kanskje dei som tok statuen ikkje har tenkt så langt og no angrar seg? Dersom dei set statuen tilbake der dei fann han og i like god tilstand, så forfølgjer vi ikkje saka. Vi har meld tjuveriet til politiet, men er langt meir interesserte i få statuen tilbake enn å straffe dei som står bak, seier Kristin Bøe i Kultureininga.

Dei to marmorløvene har saman vakta inngangen i Mobergslia i over hundre år. No er løva til høgre på biletet sakna. Arkivfoto: Kultureininga

Har du tips om løverøveriet?

Send e-post til kultureininga@bjornafjorden.kommune.no

- Dersom nokon veit noko, er vi svært takksame for tips og vink som kan gi oss statuen tilbake. Du kan vere anonym og vi stiller ingen spørsmål, lovar Bøe.