Bufetat
Informasjonsmøtet er for deg som er nysgjerrig på korleis det er å vere fosterheim, beredskapsheim eller spesialisert fosterheim, og som lurar på om det er noko for deg eller dykk.
Møtet er heilt uforpliktande, og du bind deg ikkje til noko ved å delta.
På møtet kan du stille spørsmål om alt du lurar på. Du kan også ta kontakt med Bufetat i etterkant av møtet om det er spørsmål du heller vil ta på tomannshand.
Møtet blir halde av Bufetat sine rådgivarar som jobbar med fosterheimar og rekruttering av fosterforeldre til dagleg.
Dette får du vite meir om på møtet:
- Kven kan bli fosterforeldre?
- Korleis blir ein fosterforelder?
- Kva kjenneteiknar desse barna, og kvifor må dei flytte fra foreldra sine?
- Kva er forventningane til deg som fosterforelder?
- Kva slags opplæring får du?
- Oppfølging og rettleiing av fosterforeldre.
- Økonomi, godtgjering og rettar.
- Forskjellane på ein vanleg fosterheim, ein spesialisert fosterheim og ein beredskapsheim.
Vil du heller snakke med rådgivarane i Bufetat direkte? Ta kontakt for ein individuell informasjonssamtale.
Påmelding til digitalt informasjonsmøte
Meld deg på digitalt informasjonsmøte 18. mars kl. 20-21.30