Utstyrssentralen BUA Bjørnafjorden har to utlånspunkt, og stadig fleire lånarar. No er tilbodet sikra i tre år framover. Biletet er frå sommaren 2024.Bufdir hadde 500 millionar kroner til fordeling, og mottok 2202 søknader med ein total søknadssum på 1,5 milliard kroner. Kommunar, frivillige organisasjonar og private aktørar søkte altså om 1 milliard kroner meir enn det som var tilgjengeleg til fordeling.
BUA og Open hall er sikra i tre år
Bjørnafjorden kommune er blant dei som har oppfylt Bufdir sine detaljerte søknadskriterium og fått tilskot i dei tre kategoriane “Jobbtilbod og rettleiing”, “Utstyrssentral" og "Open møteplass”. Dermed er drifta av BUA Bjørnafjorden, Open Hall Os og Open hall Fjorden arena sikra ut 2027. I tillegg skal kommunen legge til rette for jobbtilbod for ungdommar. Tilskotet er fordelt på 805 000 kroner i 2025, og 887 000 i både 2026 og 2027.
Skal bruke tilskotet best mogeleg
-Vi er svært glade for dei midlane vi har fått, men vi ser samtidig at det dessverre er fleire gode prosjekt frå ulike søkarar i Bjørnafjorden som ikkje har fått midlar i år. Tilskotet kommunen har fått til BUA og Open hall er mindre enn det vi søkte om, så no skal vi ha ein grundig runde på korleis midlane kan nyttast best mogeleg for å sikre desse tilboda framover, seier kommunalsjef for oppvekst Line Rye.