Har inngått kontrakt med VestPark

Dette er ein av plassane det blir betalt parkering etter 2 timar på dagtid, også i helger.

Bjørnafjorden kommune har inngått konsesjonskontrakt for drift av utvalde parkeringsplassar med VestPark AS.

I konkurransen har kommunen lagt vekt på funksjonalitet for brukarene og fordeling av inntekter.

- I løpet av sommaren og tidleg haust vil det bli sett opp kamera for skiltgjenkjenning på parkeringsplassane på forsida av Bjørnafjorden rådhus, parkeringsplass på tomt ved gamle brannstasjonen og Giskavollen parkeringshus (nede), seier Lisbeth Lunde Axelsen på Samferdsel.

Gratis i 2 timar
På desse plassane vil det vere gratis parkering i 2 timar, deretter ein kostnad på kr 20,- pr time. Dette gjeld i tidsrommet 0600 til 1800 på kvardagar, og 0900-1500 på laurdag og søndag/heilagdagar.

Utanom desse tidene vil det vere gratis parkering.

Det blir mogleg å kjøpa månads-/årskort.

Vipps og app
- Betalingsmåte blir via app, og betalingsautomat for kort og Vipps. Dersom ikkje dette blir nytta, kjem det ein faktura til bileigar, seier Axelsen

Nærmare informasjon vil bli gitt når det nærmar seg full drift.