
Strategien er laga på oppdrag frå kommunestyret og har blitt til i tett dialog med frivillig sektor. Det overordna målet er at det skal vere enkelt å vere frivillig i Bjørnafjorden.
Dei tre styrande måla i strategien er henta frå kommuneplanen og seier at Bjørnafjorden kommune skal:
- vere ein god tilretteleggjar for frivilligheit
- vere inkluderande og sikra alle innbyggjarar likeverdige moglegheiter til eit godt liv
- styrkje samarbeidet med frivillig sektor gjennom samskaping for å sikre gode og levande
Korleis kommune skal jobbe for å nå desse måla, er konkretisert i 31 strategiar. Frivilligstrategien skal følgjast opp med handlingsplanar og tiltak i sektorplanar som er under arbeid for helse og velferd, oppvekstområde og kultur.
Her finn du frivilligstrategien: FRIVILLIGSTRATEGI 2024-2027