Harald Lekven er konstituert som varaordførar

Harald Lekven (foto: Os og Fusaposten)

Kommunestyret i Bjørnafjorden kommune har i ettermiddag konstituert Harald Lekven (uavh.) som varaordførar i Mikal Leigland (Sp) sitt sjukefråvær.

På eit ekstraordinært digitalt kommunestyremøte i Bjørnafjorden kommune tysdag ettermiddag blei Harald Lekven (uavh) konstituert som varaordførar.

Konstitueringa gjeld så lenge Mikal Leigland (Sp) er sjukemeldt frå vervet. Konstitueringa skjedde med 31 røyster for. 4 stemte mot (3 frå MDG og ein frå SV).

-    Eg er trygg på at Bjørnafjorden kommune har fått ein solid varaordførar i Harald Lekven og ser fram til å jobba saman med han i tida som kjem. Samstundes vil eg på vegne av kommunestyret i Bjørnafjorden ønskje Mikal Leigland riktig god og rask betring, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Konstitueringa skjer i tråd med kommunelova og trer i kraft umiddelbart.