Mikal Leigland hadde ei rekke verv i lokalpolitikken i over 30 år.
Os&Fusaposten
Mikal Leigland (1961-2022)
Mikal Leigland blei vald som Senterpartiet sin første vara til kommunestyret i Fusa i 1991. Frå 1993 møtte han fast, og han blei gjenvald ved alle val til og med 2019. Mikal Leigland døydde i desember 2022, og er tildelt KS-medaljen posthumt.
Leigland fylte ei rekke ulike verv i kommunepolitikken i Fusa gjennom tre tiår. Han var m.a. medlem av arbeidsmiljøutvalet, leia utval for helse og sosiale tenester, leiar i klientutvalet, vara til utval for plan og økonomi, nestleiar i klagenemnda, varamedlem i skatteutvalet, leiar i levekårsutvalet, medlem i utval for kultur og oppvekst, medlem i formannskapet i tre periodar og medlem i administrasjonsutvalet.
Frå 2018 var Mikal Leigland medlem i fellesnemnda som førebudde kommunesamanslåinga, og 2019 - 2022 var han varaordførar i Bjørnafjorden kommune.
Magne Djuvik har vore aktiv i lokalpolitikken i Fusa og Bjørnafjorden i tre tiår.
Midtsiden
Magne Djuvik (1955 - )
Magne Djuvik blei vald inn i kommunestyret i 1991 for Samlingslista i Fusa. Han har m.a. vore leiar for plan- og miljøutvalet, medlem i formannskapet og varaordførar i Fusa. I Bjørnafjorden kommune var Djuvik leiar av kontrollutvalet.
I 2019 blei Magne Djuvik vald inn i Bjørnafjorden kommunestyre for FrP. I 2020 melde han seg ut av FrP og inn i partiet De Kristne, og møtte som uavhengig i kommunestyret. Magne Djuvik flytta frå Bjørnafjorden i 2023, og fekk derfor fritak frå politiske verv. Etter over 30 år med politisk arbeid i Fusa og Bjørnafjorden, er Djuvik framleis politisk engasjert, no i partiet Konservativt i Drammen.
- Kan vere fleire kandidatar
- Mikal og Magne har lagt ned ufatteleg mange timar med dugnadsarbeid. Dei er eksempel på folk som engasjerer seg i lokalpolitikken fordi dei bryr seg, ønsker å påverke og skape gode tenester og lokalsamfunn. Det står stor respekt av innsatsen, og det er fint å kunne få vise det med ei slik utmerking. Det kan hende at fleire av dei som etter sist val har gått ut av politikken i Bjørnafjorden, også kan kvalifisere til utmerking. Eg er trygg på at ordførar Terje Søviknes vil sjå til at det skjer, seier tidlegare ordførar Trine Lindborg.