Helland Hogst er Miljøfyrtårn

Ordførar Trine Lindborg og Rune Helland, eigar og dagleg leiar i Helland Hogst. Privat

Fredag overrekte ordførar Trine Lindborg det konkrete beviset på at Helland Hogst AS er sertifisert Miljøfyrtårn til dagleg leiar Rune Helland - Det er interessant å få høyre kva tiltak denne bransjen gjer for å drive så miljøbevisst som mogeleg, og kva utfordringar dei møter, seier Lindborg.

- Mitt første spørsmål var om vi kunne bli Miljøfyrtårn, når vi har maskiner som går på diesel, seier Rune Helland, eigar og dagleg leiar i Helland Hogst. Svaret var ja, og verksemda fekk god hjelp til sertifiseringa frå Anders Fossen Lunde i FAMA. 
Helland fortel at for deira bransje handlar sertifiseringsprosessen mykje om å få sett alt dei driv med i system, laga detaljerte oversikter over mengd og type avfall, kva selskapet kjøper inn av farlege stoff, maling, olje og diesel, og straumforbruket. 
- Eg er opptatt av at vi skal kome vidare i dette arbeidet og bli stadig betre, bruke andre energikjelder, sortere meir boss. Del av sertifiseringa er å vise at vi vel leverandørar som driv miljøvenleg.

Mykje som spelar inn 

Helland skulle gjerne hatt fleire elektriske maskinar, men førebels er prisen for høg og kapasiteten for dårleg. For eksempel må elektriske motorsager ladast etter eit par timar. Då må han ha med dieselaggregat i skogen, og miljøgevinsten blir nulla ut. Han ser fram til at det blir mogeleg å drive meir på straum.
- Den årlege gjennomgangen av sertifiseringa blir uansett nyttig. For meg er Miljøfyrtårn-statusen eit verktøy for å bli meir miljøbevisst, seier Helland.