Her er sektorplanane for Oppvekst og Helse og velferd 2025-2036

To sentrale sektorplanar blei vedtatt i kommunestyret 18. september 2025. 
Les kva tankar og planar kommunen har for sektorane Oppvekst og Helse og velferd dei neste 10 åra:

Kva er ein sektorplan?

Ein sektorplan stakar ut den overordna retningen for den aktuelle kommunale sektoren – basert på sentrale og lokale føringar. 

Bakgrunnen for arbeidet med desse planane er ei bestilling i planstrategien for 2020-2023. Kommunedirektøren gav eit eige mandat for sektorplanarbeida, der det står at sektorplanen skal:
✓ vere den overordna strategiske planen for sektoren
✓ legge til rette for ei ønskt utvikling
✓ danne grunnlag for andre underliggande planar
✓ fremme samarbeid og heilskapleg tenking internt i kommunen, og mellom kommunale og
andre instansar
✓ innehalde strategiske val knytt til tenesteyting (drift og investering), og gi grunnlag for
prioriteringar i budsjett og økonomiplan
✓ bidra til treffsikre tenester, heilskaplege tenester og innovasjon i tenesteytinga
✓ følge opp mål og strategiar frå samfunnsplanen