Rapportane og forslag til tiltak for Samfunnsutvikling og Oppvekst blei lagt fram som orienteringssaker i møtet torsdag 16. februar. Dette var altså ein første informasjon til politikarane.
Tiltaka som er skisserte i rapportane for Samfunnsutvikling og Oppvekst er ikkje vedtekne eller avgjort. Dei er PwC sitt svar på oppdraget dei har fått om å finne moglege kutt. Den politiske behandlinga av forslaga og endelege avgjerder kjem seinare.
Les rapporten for Oppvekst
I rapporten for kommunalområdet Oppvekst foreslår konsulentselskapet mellom anna at kommunen vurderer endringar i barnehage- og skulestrukturen basert på analysar av dagens situasjon og befolkningsutviklinga.
Les rapporten for Oppvekst
Les rapporten for Samfunnsutvikling
I rapporten foreslår PwC å auke kostnadseffektiviteten i eininga gjennom fem ulike tiltak.
Les rapporten for Samfunnsutvikling
Les rapporten for Helse og velferd
PwC-rapporten og forslag til kutt for Helse og velferd blei presentert for kommunestyret 26. januar. Forslaga til tiltak blei behandla i møtet 16. februar.
Les rapporten for Helse og velferd og andre dokument i saka
Sjå sendingane frå kommunestyremøtet 26. januar og 16. februar på Kommune-TV