Hugs å klippe hekken før skulestart!

Stavanger kommune

Måndag 19. august er første skuledag, og det er viktig å ta omsyn til små og mjuke trafikantar på skuleveg. Har du hage langs veg eller fortau? Sjekk at hekken din ikkje hindrar sikt, så bidrar du til ein trygg skulestart.

Trafikktryggleik er også ditt ansvar

Vi oppmodar alle hageeigarar til å halde vegetasjon som tre, buskar og hekk på eit nivå som sikrar god sikt. Høg og tett vegetasjon kan vere til hinder for fotgjengarar, og dessutan hindre sikt for bilistar.

Barn er meir utsett for ulukker, fordi dei har mindre forståing for trafikkbiletet enn vaksne, dei viser ikkje så godt, og dei kan vere ganske spontane. At du køyrer forsiktig og tenker på at born kan kome fram bak ein parkert bil, er sjølvsagt bra. Men pass òg på at gjerde, hekk, buskar, tre og anna på eigedommen din ikkje skjuler barn eller andre trafikantar. Vurder forholda der du bur, og tenk gjennom om du kan gjere det sikrare rundt din eigedom.

Ver med på å gi skuleborna våre, og alle andre, eit trafikksikkert bumiljø!
 

Det er viktig at

  • hekkar i frisiktsone er klypt ned slik at maks høgde er 0,5m over kommunalt vegnivå.
  • trafikantane har fri sikt frå/i alle retningar.
  • trafikantane ikkje blir hindra av greiner som heng over fortau eller veg.
  • fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og liknande ikkje blir tvinga ut i vegbana på grunn av vegetasjon.
  • vedlikehaldsmaskiner ikkje blir hindra av vegetasjon.
  • vegskilt og vegmerking er godt synleg.
  • greiner ikkje veks opp i leidningar.
  • vegetasjon ikkje skjuler gatebelysning.

Kva kan du gjere?

Privat grunneigar som har grense til kommunalt fortau eller veg, pliktar å halde vegetasjonen nede. Kommunen ønskjer god dialog med huseigar, og informerer jamnleg om dette ansvaret. Det beste er om folk klipper buskane sine sjølve, for maskinene til kommunen er ganske grove. Dersom du som grunneigar ikkje ryddar vegetasjonen sjølv, risikerer du både at kommunen klipper på eigedommen din, og at du får rekning for arbeidet.

Her finn du meir informasjon om lovar, reglar og grunneigar sitt ansvar (PDF, 3 MB)

Tips oss!

Av og til treng vi i kommunen tips om at vegetasjonen langs kommunale vegar og fortau må klippast. 
Her kan du melde frå om vegetasjon som bør ryddast opp i

Takk for hjelpa!