Idrett for alle

Foreldra sin økonomi skal ikkje hindre unge bjørnafjordingar i å delta i fritidsaktivitetar. 

 

Å delta i idrett er meir enn å spele fotball, handball, springe fort eller vere sterk. Å delta på eit lag er inkluderande og kan hindre utanforskap. Idretten er ein arena for leik og moro, og ei moglegheit for å oppleve meistring som ein kanskje ikkje opplever på skulen. Alle barn og unge har rett til å delta i fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra sin økonomiske situasjon.

- Dessverre er det ikkje gratis å drive med idrett, og for mange foreldre blir det rett og slett for dyrt å sende barna på ulike aktivitetar, seier Monica Engelsen i NAV Bjørnafjorden.

Du kan søkje om tilskot

NAV Bjørnafjorden og Idrettsrådet i Bjørnafjorden kommune jobbar saman for å gjere idretten til ein stad for alle barn og unge.

Er du i ein økonomisk situasjon som gjer det vanskeleg for barna dine å delta på ulike fritidsaktivitetar? Mange lag og organisasjonar har ordningar som du kan nytte deg av. Du kan òg søkje NAV Bjørnafjorden om tilskot til fritidsaktivitetar, og få råd og rettleiing kring andre støtteordningar.

Slik går du fram

Ta kontakt med NAV Bjørnafjorden på telefon 907 70 941 for meir informasjon eller søk elektronisk