Ikkje sløs med vatnet i varmen!
Ein vasspreiar brukar mellom 1000 og 1500 liter i timen. Det vil seie at på ein time brukar ein standard vasspreiar om lag like mykje vatn som ti personar brukar på eit heilt døgn.
Alistair Macrobert / Unsplash
Vassforbruket i Bjørnafjorden kommune er no så høgt at vi har problem med å levere nok vatn. Vassforsyningssystema våre greier rett og slett ikkje å fylle alle basseng og vatne alle hagar i kommunen samstundes.
– Vi oppmodar alle til å redusere hagevatning eller bruk av vasspreiar og anna unødvendig vassbruk. Om ikkje forbruket går ned, må vi vurdere å innføre vatningsforbod. Dersom det skulle oppstå ein brann, kan vi faktisk risikere å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkke brannen, seier einingsleiar for samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland, og gir følgjande råd til alle i heile Bjørnafjorden kommune som får vatn frå eit kommunalt vassverk:
- Ikkje bruk vatn unødvendig.
- Reduser bruk av spreiarar, og ikkje la hageslangen ligg og renne.
- Gå for gjenbruk av vatn: Bruk vatnet i plaskebassenget til å vatne planter og bed.
Sist endra 21.05.2024 08:53