Informasjon i ein krisesituasjon: Kva gjer du?

“Sanninga er krigens første offer”, blir det sagt. Når ei krise rammar oss, anten det er i form av uvêr, ulykker, pandemi eller andre dramatiske hendingar, har vi eit stort behov for informasjon. Kva har skjedd? Kva skjer no? Kva skal eg gjere?

I ein krisesituasjon vil vi i kommunen raskt mobilisere for å handtere situasjonen og gi informasjon til innbyggarane våre, i tett samarbeid med nødetatane, overordna myndigheiter og frivillige lag og organisasjonar.

Så lenge straum, internett og mobilnett fungerer

  • Kvalitetssikra informasjon finn du på bjornafjorden.kommune.no og på Facebook-sida vår
  • I ei hending der det er akutt fare for liv og helse, kan myndigheitene varsle via tyfonanlegget, eller sende ut Nødvarsel på mobil. For å motta nødvarsel må du ha dekning på 4G/5G. Varselet vil innehalde informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjøre for å beskytte deg sjølv. 
  • I tillegg kan vi i kommunen sende deg viktige, lokale varsel på SMS/telefon. Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til deg som berre er registrerte med fasttelefon. 
    • Dette er det same varslingssystemet vi brukar i samband med stenging av vatn, lekkasjar, driftsbrot eller liknande. Ved slike informasjonsmeldingar, fangar systemet opp alle  telefonnummer som er registrerte på eigedomar i det aktuelle området. 
      NB! Det er likevel nokre unntak: dersom telefonnummeret ditt er registrert på arbeidsgivar, må du sjølv registrere det hos oss. Det same gjeld om du har hemmeleg telefonnummer eller er under 16 år. Les meir om telefonvarsling og sjekk om du er registrert her
    • I beredskapssituasjonar som truar liv og helse, kan kommunen òg senda nødmelding som SMS/talemelding til alle mobiltelefonar som befinn seg innanfor eit definert område, og på den måten nå dei aller fleste som oppheld seg innanfor dette området på dette tidspunktet. Det er såkalla lokasjonsbasert varsling.  

Men kva om internett, mobilnett og TV er nede?

Dette kan faktisk skje ved eit dataangrep eller langvarig uvêr. Forestill deg at du ikkje kan ringe nokon eller sende meldingar. Internett er nede og TV-en stum. Korleis skal du motta viktig informasjon? Korleis kontakte dei nærmaste? 

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) anbefaler følgande:

  • Ha DAB-radio som går på batteri - lytt til NRK P1
    • Hugs at dei fleste nyare bilar har DAB-radio. NRK P1 er nasjonal beredskapskanal. Her vil du få viktig informasjon frå myndigheitene i ein krisesituasjon.
  • Ha ein plan i familien
    • Avtal med dine nærmaste kor de skal møtast dersom de ikkje får tak i kvarandre på nett eller mobil. 
  • Oppsøk kommunen sine informasjonspunkt
    • I Kommunetorget i 1. etasje på Rådhuset på Osøyro, og i biblioteket i Eikelandsosen kan du få informasjon frå kommunen (frå tilsette og/eller i form av oppslag).
    • Vi vil òg bruka oppslagstavler rundt om i bygder og krinsar til å formidla viktig informasjon. 

Kva når informasjon i seg sjølv blir brukt som våpen? 

Tilliten oss folk imellom, og mellom folk og styresmakter, er heilt grunnleggande for tryggleiken i samfunnet vårt. Dersom denne tilliten blir svekka, og mistru og skepsis breier seg, kan ein allereie uoversikteleg situasjon bli endå vanskelegare. 

Desinformasjon, eller falske nyheiter, kan vere eit effektivt våpen når nokon ønskjer å påverke eller skade eit samfunn. Nokon har faktisk interesse av å spreie feilinformasjon. I tillegg er det heilt naturleg å prøve å forstå ein ny og ukjend situasjon ved å spekulere og lage teoriar. Dessverre kan desse spekulasjonane bli presenterte som fakta i sosiale medium. 
Vi blir heldigvis stadig betre til å skilje mellom falske og ekte nyheiter - mellom fakta og konspirasjonsteoriar. Men vi må framleis jobbe med eigenberedskapen - altså oss sjølve - i møte med informasjonsstraumen. Sunn skepsis er aldri feil.
Derfor:

  • Ver ekstra merksam på at informasjonen du får kjem frå kjende og pålitelege kjelder 
    • Sjå nøye på SMS-ar og e-postar du får. Ta ei kritisk vurdering av avsendar og innhald. Tenk over om dette kan vere rett. 

Råd og tips om eigenberedskap

Her finn du fleire råd og tips: