Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
Strøno barneskule, Halhjem barneskule, Ådlandsfjorden barneskule, Fusa barneskule og Os barneskule har vore vurdert nedlagt. Framlegget frå kommunedirektøren var å legge ned tre av dei fem skulane, men no har kommunestyret avgjort at alle fem får drive vidare.
For lite å spare på nedlegging
I vedtaket heiter det blant anna at “etter ei samla vurdering konkluderer kommunestyret med at kostnadsreduksjonen på om lag 10 millionar kroner ved nedlegging av Strøno barneskule, Halhjem barneskule og Ådlandsfjorden ikkje er stor nok til å forsvare dei negative konsekvensane for elevar, foreldre, tilsette og nærmiljø.”
Avsluttar prosessen
Prosessen med utgreiing av framtidig skulestruktur i Bjørnafjorden er dermed avslutta, og rapporten med utgreiing av framtidig skulestruktur blir ikkje sendt ut på offentleg høyring.
Du kan du sjå behandlinga av saka på Kommune-TV si overføring frå kommunestyremøtet.