Jobbar eller bur du med ungdom? Snurr film!
Kva er dei vanlegaste psykiske utfordringane blant ungdom i dag, og korleis kan vi vaksne møte dette på ein god måte?
Verdsdagen for psykisk helse har laga ein serie med gode, kloke og lettfattelege opplysningsfilmar med psykologspesialist Reidar Hjermann.

Hjermann er spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi og var barneombod i 2004-2012.
Slik kan du bruke filmane
Filmane er laga for ungdom og kan brukast i klasserommet, på eit fritidstilbod eller som utgangspunkt for ein samtale heime. I tillegg er det laga ein eigen introduksjonsfilm til deg som jobbar med eller bur med ungdom, som det er anbefalt at du som vaksen ser først.
Filmane er rundt 10 minutt lange. Det kan vere lurt å dele informasjonen opp i fleire økter eller over flere dagar.
Dei fem filmane er som følgjer:
- Ungdomspsyken - til deg som jobbar med ungdom (11 min)
- Angst (10 min)
- Det sunne ubehaget (8 min)
- Sjølvmordstankar (8 min)
- Sunt skjermliv (13 min)
Les meir og sjå alle filmane her
Publisert 04.10.2024 10:02
Sist endra 04.10.2024 10:15