Kikhostevaksine til gravide

Frå 2. mai 2024 får alle gravide tilbod om kikhostevaksine frå veke 24 av svangerskapet. 

Vaksinen beskyttar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder. Vaksinen er gratis.

Her får du vaksinen i Bjørnafjorden

Gravide som får oppfølging hos jordmor, vil få informasjon og tilbod om vaksine mot kikhoste hos jordmor. 
Jordmortenesta i Bjørnafjorden har kontakta alle som er forbi svangerskapsveke 30 med tilbod om å ta vaksine 10. mai. Andre aktuelle gravide vil få tilbod om vaksine i samband med neste svangerskapskontroll.

Gravide som får all oppfølging hos fastlege, vil få tilbod om vaksinen hos fastlegen.

Sjå informasjon om jordmortenesta i Bjørnafjorden kommune

Kvifor blir gravide anbefalt kikhostevaksine?

  • Kikhoste er ein langvarig luftvegsinfeksjon med kraftige hosteanfall.
  • Sjukdomen er svært smittsam og er farlegast for dei yngste barna.
  • Spedbarn med kikhoste kan få pustestopp, vanskar med å ta til seg næring, og det er ofte nødvendig med innlegging på sjukehus. 
  • I sjeldne tilfelle fører sjukdomen til dødsfall hos spedbarn.  

Korleis verkar vaksinen?

  • Gravide som tar vaksine lagar antistoff mot kikhoste.
  • Antistoffa blir overførte til barnet i magen.
  • For at barnet skal vere beskytta frå fødselen av, må du få vaksine medan du er gravid – uavhengig av når du sist tok vaksine mot kikhoste.

Les meir om kikhoste og vaksinen på Folkehelseinstituttet sine sider