Bjørnafjorden kommune har mange gode beredskapsvenner som vi samarbeider med for å vere best mogleg førebudde på ein krisesituasjon.
Lokallaga av Røde Kors og Norske Kvinners Sanitetsforening er nokre av våre aller næraste beredskapsvenner.
Laurdag 25. oktober står vi på stand saman på Amfi Os og Fjord'n nærsenter for å oppmode deg til å finne dine beredskapsvenner.
Kom og snakk med oss om eigenberedskap!