Avgangselevane ved Fusa ungdomsskule fekk gode skussmål etter trafikkdagen sist veke.
Bjørnafjorden trafikkskole / John Børge Fenne
Trafikkprat med alle avgangselevane
- Vi har ikkje brukt sterke verkemiddel og skremsel. Det viktigaste er å få kontakt med elevane og få tatt den viktige praten om gode val i trafikken, seier Knut Vidar Garlid frå Oppvekst i Bjørnafjorden kommune.
Knut Olav Nestås (Trygg Trafikk), Marita Frotveit (politiet), Elin Tuft og Elisabeth Strøm-Olsen (Bjørnafjorden kommune) og Vegar Kleivdal (politiet) snakkar meir enn gjerne om trafikktryggleik.
Hjelpsom anonym elev ved Nore Neset ungdomsskule
Alle tiandeklassane på dei tre ungdomsskulane i kommunen har vore gjennom det same opplegget. Politiet i Kvam/Fusa og Bjørnafjorden deltok på kvar si side av fjorden, dei tre trafikkskulane var med på ein skule kvar, medan Knut Olav Nestås frå Trygg Trafikk og arrangørane frå kommunen var med på alle skulane.
Reflekterte ungdommar
Etter felles innleiing i klasserommet stod aktørane på kva sine postar i ei trafikkrebusløype og tok i mot elevane gruppevis. Dermed fekk dei prata med alle ungdommane om tema som åtferd i trafikken, haldningar til rus og bilkøyring, fart, og korleis bli ein god sjåfør. Trygg Trafikk, politiet og trafikkskulelærarane melde tilbake om kjekke samtalar med reflekterte elevar. Ungdommane stilte gode spørsmål, løyste oppgåver og diskuterte problemstillingar dei kan møte på når dei etter kvart skal ut i trafikken på eiga hand, nokon av dei ganske snart på lett motorsykkel, og etter kvart dei aller fleste bak rattet i bil.
Årleg opplegg?
Bjørnafjorden kommune har utvikla opplegget saman med politiet og Trygg Trafikk. Eit tilsvarande opplegg blei gjennomført for to år sidan. Det var så vellukka at kommunen søkte midlar frå fylkeskommunen igjen i år, og fekk innvilga heile søknadssummen på 40 000 kroner.
SLT-koordinator Elin Tuft, Elisabeth Strøm-Olsen frå Samferdsel og Knut Vidar Garlid frå Oppvekst er kommunen sine representantar i prosjektet. Dette er andre gong dei arrangerer trafikkdag for tiande trinn, og konklusjonen er klar: - Dette opplegget er aktuelt kvart år. Vi kjem til å søke igjen.
Parallelt med trafikkdagane i ungdomsskulen har Bjørnafjorden kommune og Trygg Trafikk hatt ein annonsekampanje i lokalmedia.