Korleis førebygge vald og truslar mot tilsette i skulen?

Truslar og vald mot skuletilsette er dessverre eit aukande problem – også i Bjørnafjorden. Kva kan vi gjere for å betre og trygge arbeidstilhøva for dei tilsette?  

Torsdag 26. september er arbeidsmiljøgruppene ved dei kommunale skulane i Bjørnafjorden inviterte til eit rettleiingsseminar i regi av Arbeidstilsynet. 

Mange opplever vald og truslar

Skuletilsette er blant yrkesgruppene som er mest utsette for vald og truslar. Forsking frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at 1 av 4 lærarar i grunnskulen har opplevd valds- og trusselepisodar på jobb. 
Ei arbeidsgruppe med arbeidsgivar, hovudverneombod og hovudtillitsvald i spissen har over tid jobba med å konkretisere kva vi må gjere for å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø for tilsette i skulane og barnehagane i Bjørnafjorden. 

Filmen er henta frå Arbeidstilsynet si kampanje “Ei lita bekymring”, som set søkjelys på truslar og vald mot skuletilsette.

Eit arbeidsmiljøproblem

– Over tid har vi sett at tilfelle av vald og truslar i skulen har auka. Dette skjer både i vår kommune og i resten av landet, seier kommunalsjef for Oppvekst, Line Rye. 
– Kva kan vi gjere for å førebygge og handtere vald og truslar? Vi er opptatt av at elevane våre skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, og at våre tilsette skal ha eit godt, trygt og forsvarleg arbeidsmiljø. Vald og truslar på skulane er eit arbeidsmiljøproblem i skulane i dag, og dette er bakgrunnen for at vi kontakta Arbeidstilsynet, fortel Rye.

Kommunalsjef for Oppvekst i Bjørnafjorden kommune, Line Rye. Ragnhild Stende Bjaadal/Bjørnafjorden kommune

Arbeidstilsynet besøker og rettleier

Det siste året har Arbeidstilsynet reist rundt til ei rekke kommunar og skular rundt om i landet for å rettleie om førebygging av vald og truslar. No er turen komen til Bjørnafjorden.

– Ved å besøke kommunane framfor å retteleie digitalt, legg vi til rette for god erfaringsutveksling og praktisk arbeid. Vi kan dessutan justere rettleiinga etter kva det er mest behov for i den aktuelle kommunen. Arbeidsmiljøet er forskjellig frå arbeidsplass til arbeidsplass, seier seniorrådgivar i Arbeidstilsynet, Ingri Litleskare.

Bli kjend med regelverket

 Målet med rettleiinga er å bli betre kjende med regelverket for førebygging av vald og truslar, og å forbetre det systematiske, førebyggande arbeidet mot vald og truslar ved kvar enkelt skule.

– Det aller viktigaste er at skulesektoren skal bli trygg på kva arbeidsmiljøregelverket seier om førebygging av vald og truslar, og at dei får praktisk trening i korleis dei skal jobbe godt med dette, og korleis dei kan få hjelp og støtte i arbeidet, seier Litleskare.

Kursing, rutinar og retningslinjer

Deltakarane må gjennomføre ei e-læring i forkant av seminaret, slik at dei kan bruke mest mogleg tid på å dele erfaringar og diskutere viktige dilemma og realistiske døme på sjølve dagen. 

I tillegg til seminaret og kompetansebygging i arbeidsmiljøgruppene, vil tilsette i Bjørnafjorden-skulen få tilbod om kursing for å førebygge og handtere vald og truslar. Rutinar og retningslinjer knytt til vald og truslar i skulen er oppdaterte i kommunen sitt kvalitetssystem, slik at det skal vere lettare for tilsette å orientere seg.