Korleis står det til med folkehelsa i Bjørnafjorden?

Folkehelseoversikt 2023-2026 inviterer oss til å løfte blikket og samstundes dykke ned i detaljane.

Folkehelse handlar om helse og trivsel i befolkninga sett under eitt. Målet med folkehelsearbeid er å skape eit samfunn der flest mogleg har gode vilkår for å leve eit sunt og aktivt liv, både fysisk, psykisk og sosialt. For å kunne nå det målet, treng vi kunnskap om korleis det står til i dag og kva utfordringar vi står framfor. 

Folkehelseoversikt for Bjørnafjorden kommune 2023-2026 (PDF, 5 MB)er ein omfattande rapport som samanstiller data og vurderingar av årsakar og konsekvensar innan ulike tema.

Resultatet er eit “oppslagsverk”, som tar for seg hovudutfordringane i kommunen vår. 

Oversikta er oppdatert med tal frå Ungdata-undersøkinga 2024.

  • Ei tverrfagleg folkehelsegruppe står bak rapporten: 

    Signe Christensen (rådgjevar, Oppvekst), Marita Måge (einingsleiar, Oppvekst), Birte Markeseth Aasen (rådgjevar, Samfunnsutvikling), Bjørg Aspenes Sjøbø (tryggleikssjukepleiar fram til 1.11., Helse og velferd), Klaus Melf (kommuneoverlege) og Anne-Lise Aaseng (folkehelsekontakt). Sistnemnde har koordinert arbeidet.