– Sportsutstyr i bytte mot skiprepp og folk til vareteljing, eksamensvakter i bytte mot lokale til medlemsmøte og livredningskurs i bytte mot lokale til svømmeleir.
Dette er nokre eksempel på dei i alt 27 avtalane om utveksling av tenester som blei inngått mellom ulike lag, organisasjonar, bedrifter og kommunale tenester på tidenes første frivilligbørs i Bjørnafjorden kommune, onsdag 4. juni.
– Dette var så moro! Vi gler oss allereie til neste børs, jublar arrangørane Stine Kobbeltvedt og Hege Varhaug-Lekven i Os frivilligsentral.
Totalt 20 ulike lag, organisasjonar, bedrifter og kommunale tenester var representerte då frivilligbørsen gjekk av stabelen på hovudbiblioteket onsdag kveld.
Sjå alle avtalane som blei inngått på frivilligbørsen —og kven som inngjekk dei
Konseptet frivilligbørs er prøvd ut med stor suksess i fleire norske kommunar, og Stine og Hege tente umiddelbart på ideen.
– Frivilligbørsen handlar om utveksling av tenester, ikkje pengar. Vår rolle i det heile er å føre folk saman og legge til rette for at samarbeid kan oppstå til glede og nytte for begge partar – og dermed for heile lokalsamfunnet vårt. Det er verkeleg heilt fantastisk å sjå kva som kan kome ut av eit par timar med møte mellom menneske, seier dei to.
Hege Varhaug-Lekven og Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral står bak frivilligbørsen.Plakatar og magi
Frivilligbørsen startar med plakatverkstad, der laget, organisasjonen eller tenesta lagar ein plakat kor dei skriv kva for oppgåver dei ønskjer hjelp til, og kva dei kan tilby i bytte. Når startskotet for børsen går, er det berre til å bevege seg rundt med bodskapet, lese kva andre har å tilby, prate, bli kjende — og la magien skje.
Borgafjellet barneskule, her ved avdelingsleiar Tonje K. Næsheim, med plakaten som viser kva skulen ønskjer seg og kva dei kan tilby.– Dette var både kjempegøy og kjempenyttig, var tilbakemeldinga frå mange av deltakarane. – Her burde endå fleire ha vore!
Heldigvis kjem det nye sjansar. Stine og Hege i Os frivilligsentral lovar at det blir ein ny runde med frivilligbørs, truleg tidleg neste år. – Dette gav absolutt meirsmak!
Desse avtalane blei inngått på frivilligbørsen 4. juni 2025:
-
- Os Rotary og Søre Neset FUS barnehage: Båttur til Kalneset/Ramsholmen våren 2026.
- Bergen og omegn friluftsråd (BOF) og Bjørnafjorden Pride: Felles arrangement hausten 2025/våren 2026.
- Norsk forbund for utviklingshemmede Bjørnafjorden lokallag (NFU) låner utstyr til arrangement av BUA Os, i bytte mot at BUA får hjelp til vareteljing.
- Den ukrainske forening Bjørnafjorden får låne lokale mot at Os kyrkje/Tunet kyrkje- og kultursenter får praktisk hjelp på arrangement.
- Bjørnafjorden revmatikarlag får låne lokale av Nore Neset ungdomsskule i bytte mot å stille med eksamensvakter.
- Oseana får hjelp til luking, rydding og anna forefallande arbeid av elevar på Nore Neset ungdomsskule som treng og ønskjer praktisk arbeid.
- Bergen og omegn friluftsråd (BOF) kartlegg naturområde rundt Borgafjellet barneskule med tanke på friluftsundervisning, i bytte mot at elevar rydder i strandsona i Smievågen.
- Os svømmeklubb arrangerer svømmeleir i Eikelandsosen med overnatting på skule, i bytte mot livredningskurs til Kultureininga i Bjørnafjorden kommune.
- Os Rotary tilbyr transport og besøk på Ramsholmen, i bytte mot at Norsk forbund for utviklingshemmede Bjørnafjorden lokallag (NFU) tilbyr praktisk hjelp på arrangement.
- Os swingklubb låner lokale av Tunet kyrkje- og kultursenter, i bytte mot å halde kurs/danseoppvisning.
- Nore Neset ungdomsskule får låne kystledhus av Bergen og omland friluftsråd (BOF), i bytte mot at elevane rydder i strandsona.
- Os Turn stiller med bussjåfør og lån av lokale, i bytte mot frivillig arbeidskraft frå Bjørnafjorden revmatikarlag.
- Søre Neset FUS barnehage kjem på besøk til dagsenter drive av Heimetenesta i Os. Begge partar ønskte seg møteplassar på tvers av generasjonar.
- Oseana får førstehjelpskurs av Os svømmeklubb, i bytte mot lokale/underhaldning.
- Os swingklubb låner lokale mot at Os Turn får kurs/danseoppvisning frå swingklubben.
- Søre Neset FUS barnehage sine tilsette får kompetanseheving innan livet i fjøra og marin forsøpling frå Bergen og omegn friluftsråd (BOF).
- Bjørnafjorden Pride gir BUA Os eit regnbogeflagg som BUA kan låne ut i sommarhalvåret.
- Bergen og omland friluftsråd (BOF) deler av sin kompetanse om friluftskultur til Den ukrainske forening Bjørnafjorden, i bytte mot at foreininga stiller mannskap til opprydding/prosjekt i strandsona.
- Bergen og omland friluftsråd (BOF) og Os svømmeklubb samarbeider om utandørs svømmeopplæring for lærarar.
- Norsk forbund for utviklingshemmede Bjørnafjorden lokallag (NFU) og kommunalområdet Helse og velferd i Bjørnafjorden kommune har inngått intensjonsavtale om samarbeid.
- Os Turn låner utstyr av BUA Os, Os Turn preppar ski for BUA.
- Bjørnafjorden Pride deler kunnskap og erfaringar på arrangement på biblioteket og frivilligsentralen, mot lån av utstyr og lokale til arrangement frå Kultureininga i Bjørnafjorden kommune.
- Os heimesjukepleie/dagsenter og Os kyrkje startar opp samarbeid for å motverke einsemd.
- Norsk forbund for utviklingshemmede Bjørnafjorden lokallag (NFU) får låne lokale av Os kyrkje/Tunet i bytte mot å stille med trygge vaksne til ungdomsarrangement i kyrkja.
- Os svømmeklubb blir superbrukar i BUA Os, mot å stille med sjauehjelp ved sesongskifte for utstyr i BUA.
- Norsk forbund for utviklingshemmede Bjørnafjorden lokallag (NFU) og Bergen og omland friluftsråd (BOF) har inngått intensjonsavtale om samarbeid.
Tusen takk til Sparebanken Norge for økonomisk støtte til gjennomføring av frivilligbørsen! Ein takk òg til ordførar Terje Søviknes, som stod for den offisielle opninga av arrangementet.