Kulturråd for Bjørnafjorden er på trappene

– Ein felles arena er noko eg og mange andre frivillige har sakna! Vi jobbar så hardt kvar for oss, men stadig fleire reglar og meir byråkrati gjer det vanskeleg for små lag og organisasjonar å halde i gang aktiviteten. Eldsjelene blir rett og slett utbrente, seier Siri-Linn Schmidt Fotland i interimstyret til Bjørnafjorden kulturråd, som skal skipast til hausten.

Interimstyret i Bjørnafjorden kulturråd, f.v. Siri-Linn Schmidt Fotland, Magnus Godøy og Jonny Haugland. Grete Byrkjeland

Idretten har lenge hatt eit felles rådsorgan i Bjørnafjorden, kor representantar for ulike idrettslag og aktivitetar har kome saman for å sikre idretten best moglege kår i kommunen. Til hausten gjer “det andre” kulturlivet det same, når Bjørnafjorden kulturråd stiftast i september. Bjørnafjorden kulturråd skal vere ein samarbeidsarena for alle frivillige kulturorganisasjonar i Bjørnafjorden kommune. 

Tre i interimstyret

Siri-Linn Schmidt Fotland er aktiv i korpsmiljøet. Saman med Jonny Haugland frå Folkeakademiet Bjørnafjorden og Magnus Godøy frå Unikultur utgjer ho interimstyret i kulturrådet. Grete Byrkjeland i kultureininga i Bjørnafjorden kommune er tilretteleggar og “fødselshjelpar” for kulturrådet, men kommunen skal ikkje ha ei aktiv rolle når eit permanent kulturråd er på plass i september.  

Dele erfaring, kunnskap og utstyr

– Målet er at kulturrådet blir ein stad kor vi kan dele erfaring, kunnskap og praktisk hjelp, til dømes utstyr. Ein stad der informasjon er samla, kor vi kan dra nytte av kvarandre og skape aktivitetar på tvers. Kulturlivet er veldig spreidd. Eg har stor tru på at eit kulturråd vil kunne gjere oss sterkare, og vere til både nytte og glede. Med ein felles arena kan vi samle oss om saker som er viktige for alle, og jobbe samla inn mot kommunen og politikarane, seier Siri-Linn.

Kva er viktig for dykk?

 Alle frivillige lag og organisasjonar innanfor kulturlivet, kan bli medlemmar av kulturrådet. Akkurat kva for saker og tema rådet skal jobbe med og legge til rette for, er opp til medlemmane sjølve.
– Kva er viktig for organisasjonane? Svaret på det spørsmålet skal stake ut retninga for kulturrådet, smiler Siri-Linn. 

Velkommen til skipingsmøte 17. september

– Den 17. september inviterer vi til skipingsmøte for Bjørnafjorden kulturråd i hovudbiblioteket på Os. Set av datoen no. Tenk gjennom kva ditt lag eller organisasjon både kan gi og få gjennom ein slik arena. Vi håpar at alle gode krefter i kulturlivet stiller, slik at vi kan gå saman om å løfte oss sjølve, seier Siri-Linn.