Ordførar Ttine Lindborg overrekte kulturstipend til årets vinnarar, Markus Mol og Mia Ludvigsen Henriksen.
Erik Vangsnes
Kulturstipenda frå Bjørnafjorden kommune for 2022 går til filmskapar Mia Ludvigsen Henriksen og volleyballspelar Markus Mol.
Stipenda, kvart på 20 000 kroner, blei overrekte av ordførar Trine Lindborg på arrangement for spesielt inviterte på Kafé Kulí på Os, tysdag 13. september.
Det er tredje gong Bjørnafjorden kommune deler ut kulturstipend til unge mellom 16 og 29 år.
Målet med stipendordninga er å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet. Kulturstipenda skal vera ei framtidsretta kjelde til vidare utvikling og satsing.
Sterke søknader
I år kom det inn sju søknader, frå fire gutar og tre jenter. Det var færre søknader enn i fjor, men det var sterke søknader og god fordeling på ulike kunstformer og idrettsgreiner. Vi har to stipend kvart på 20.000 kroner. Formannskapet gjorde det endelege vedtaket om tildeling rett før sommarferien, men sjølve markeringa måtte venta til no.
Dette er vinnarane:
Årets to stipendmottakarar representerer felt der Bjørnafjorden har markert seg godt dei siste åra: filmkunst og sandvolleyball.
Filmskapar Mia Ludvigsen Henriksen
Mia er 24 år og har gjort ferdig eit masterstudium i «Master in Media practices» ved Høgskulen i Volda. Masteroppgåva hennar var ein animasjonsfilm med bakgrunn i den lokale historia om svana Havnesjefen. Mia ville bruka stipendet til å sluttføra prosjektet, slik at filmen kan bli klar for offentleg framsyning og promoterast inn mot filmfestivalar.
Volleyballspelar Markus Mol
Markus er 20 år og satsar for fullt å sandvolleyball på internasjonalt nivå. Markus kan visa til resultat frå både nasjonale og internasjonale meisterskap, og kjem rett frå europameisterskap i King of the Court i Utrecht. Stipendet skal gå til reiser til nødvendige treningssamlingar i innland/utland, og fleire nasjonale og internasjonale turneringar. Det store målet er å kvalifisera seg til OL i Paris i 2024.
Bjørnafjorden kommune gratulerer så mykje, og gler oss til å følgje stipendmottakarane vidare. Vi heiar på dykk!