Kva er mobbeombodet og kva gjer det?
Aina Drage og Mari-Kristine Morberg er mobbeombod i Vestland.
Bjarte Johansen, Vestland fylkeskommune
Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn, elevar i grunnskulen og føresette i Vestland fylke. Alle kan spørje ombodet om råd om barnehage- og skulemiljø.
Ombodet skal bidra til at barn og unge får oppfylt rettane sine til trygge og gode barnehage- og skulemiljø.
- Støttar og rettleier barn, elevar og føresette i saker om psykososialt miljø.
- Førebyggande arbeid: informasjon og opplæring til barn, elevar og føresette.
- Jobbar for å skape dialog og oppfølging, også etter at saker er handtert.
- Samarbeider med barn og unge, og aktørar som arbeider med barn og ungdom på ulike nivå, til dømes elevråd, ungdomsråd og ungdommens kommunestyre, Elevorganisasjonen, kommunar, barnehage- og skuleeigarar, PPT, skulehelsetenesta, helseaktørar, politiet, frivillige organisasjonar, høgskular og universitet.
- Informasjonsressurs og rettleiar for tilsette i barnehage og skule.
- Støttar elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø i vidaregåande opplæring.
- Bidrar til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt.
Les meir og ta kontakt med mobbeombodet
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 19.04.2022 14:40