Kva er viktig for deg?

Helsepersonell har hatt for vane å spørje «Kva kan eg hjelpe deg med?» For pasienten eller brukaren kan det gjere stor skilnad viss dei heller spør «Kva er viktig for deg i livet ditt no?»

Desse fagfolka frå Bjørnafjorden har deltatt i Nasjonalt læringsnettverk for gode pasientforløp. Bak frå venstre: Marit Holdhus Bang, Bodil Lunde Hansen, Eva Tillerli Sirevåg, Katrine Mæland, Atle Gusland Framme frå venstre: Maren Nygard (var med i starten), Iselinn B. Mjåtvedt, Marianne Hågensen, Jorun Elin Dahl. Turid Vindenes var ikkje til stades då biletet blei tatt.

Korleis ville du svart på spørsmålet «Kva er viktig for deg?» Det kan vere vanskeleg å svare sånn på ståande fot, og kanskje er det heller ikkje eit heilt enkelt spørsmål for helsepersonell å stille.

Motivasjon og meistring

6. juni  blir «Kva er viktig for deg?»-dagen markert i heile landet. Målet med dagen er å setje brukaren sine eigne mål i fokus gjennom betre samtalar mellom dei som gir helse- og omsorgstenester og dei som mottar tenestene.  Gjennom dialog med brukar eller pasient skal helsepersonell motivere den enkelte til å komme fram til realistiske, oppnåelege mål, ut ifrå det som er viktig for akkurat den brukaren. 


For tida prøver Bjørnafjorden kommune ut ei kartlegging av pasientar på rehabiliteringsavdelinga på Luranetunet og på Fusa bu og behandlingssenter, der nettopp spørsmålet «Kva er viktig for deg?» er sentralt. Like viktig er det sjølvsagt å lytte til svaret. Mot slutten av samtalen blir pasienten sine mål skrive ned. Desse måla blir evaluert etter fire veker, for å følgje med på ein eventuell framgang. 

Kartlegginga er knytt til Nasjonalt læringsnettverk for gode pasientforløp. Forsking viser at pasientar sin motivasjon og kjensle av meistring blir styrkt når pasienten sjølv er med på å utforme eigne mål. Det hjelper òg tenestene til å finne riktige tiltak. Arbeidet krev samtidig at helsepersonell sine haldningar og verdiar er i fokus. For å forstå kva som er viktig for den enkelte pasient eller brukar, må helsepersonell vere gode til å lytte. Det handlar om å sjå heile mennesket.

Fleire eldre, men færre helsearbeidarar 

Vi blir stadig fleire eldre, og i framtida blir det utfordringar med å få nok helsepersonell. For å få meir berekraftige helse- og omsorgstenester, må vi må organisere tenestene på ein annan måte enn i dag. Vi har rett og slett ikkje nok personar til å utføre oppgåvene. Dette gjeld ikkje berre i Bjørnafjorden kommune, men er ei internasjonal utfordring.

Meir pengar vil ikkje løyse utfordringane, dermed kan vi ikkje drive tenestene slik vi i dag gjer. Rett oppgåvefordeling startar med helsefremjande arbeid, der brukarar og pasientar sjølv må ta større ansvar for eige liv og delta i eigen behandling. Det å investere tid og ressursar i starten av eit pasientforløp, gir forhåpentleg gevinst for brukaren ved at han eller ho blir meir sjølvhjelpen, og kanskje greier seg utan helsetenester.