Kva skal vi gjere når vi manglar både pengar og hender?

Mange hender - Klikk for stort bilete Hannah Busing/Unsplash

Det er ikkje berre i Bjørnafjorden det knip. Helse- og velferdstenestene i heile landet er under press.

Éin ting er dei tronge økonomiske rammene i kommunen vår- noko anna at det rett og slett ikkje er nok folk i jobb eller utdanning innan helse til at vi kan drive på same måte lengre.

Vi må kutte. Både lokalt og nasjonalt. 
Kommunestyret i Bjørnafjorden har vedtatt ei rekke tiltak for å redusere kostnadane i helse- og velferdstenestene. Nokre av tiltaka er vi allereie i gang med, medan andre innsparingar og endringar vil skje over lengre tid.

Kva er stoda i Bjørnafjorden?

Helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden kommune har i dag høgare bemanning enn gjennomsnittet av samanliknbare kommunar. Samtidig er inntektene våre mykje lågare enn gjennomsnittet. Dette skaper eit gap mellom inntekter og utgifter som ikkje kan halde fram. 

Kva betyr dette eigentleg?

Først og fremst betyr det at vi må ha lågare bemanning i tenestene. Samstundes må kommunen sikre lovpålagte og forsvarlege tenester. 
Innsparingane vil kunne føre til at brukarar får færre tenester, lågare kvalitet i tenestene eller hjelp frå andre enn kommunen, men tenestene skal vere gode nok

Nye løysingar

For å få det til, vi i kommunen finne nye måtar å løyse brukarane sine behov på. Vi tilsette må førebu oss på å jobbe på andre måtar enn i dag, og i tillegg jobbe meir på tvers av avdelingar og einingar. Reduksjon i talet på tilsette skal skje på ein smidig og god måte. Velferdsteknologi, digitale verktøy, analyse og smarte løysingar i den daglege drifta vil vere sentrale grep framover.
Arbeidet med å finne nye løysingar og endre dagens organisasjon vil vere særleg aktivt fram mot 2025, og har derfor fått namnet Omstilling 25

Desse tiltaka har kommunestyret vedtatt

Tiltak legevakt og legetenester
Tiltak Luranetunet bu- og behandlingssenter
Tiltak Heimetenesta Os
Tiltak Fusa bu- og behandlingssenter og Heimetenesta Eikelandsosen
Tiltak Tilrettelagte tenester
Tiltak Psykisk helse- og rustenester
Tiltak NAV
Tiltak avdeling for forvaltning og koordinering + bustadkontor   
Tiltak Helsefremming og rehabilitering     
Tiltak Fagstab og fellessatsingar

Mykje - men mogleg

Alle tiltaka kan verke overveldande. Men vi må hugse at dette er første fase i ei omlegging som alle helsetenestene i landet må gjennom dei neste åra. Det er òg viktig å merke seg at andre kommunar, til dømes Bergen, i dag har den bemanninga som vi i Bjørnafjorden skal komme ned på. Altså er det mogleg.

Leiargruppene i dei ulike einingane er ansvarlege for gjennomføringa av endringane, men tilsette sin medverknad og innsikt er heilt avgjerande for at arbeidet skal lukkast
Omstillinga kjem til å bli krevjande, men vi skal - og må - få det til.

Denne teksten er eit samandrag av informasjonsskrivet fungerande kommunalsjef for Helse og velferd i Bjørnafjorden kommune, Torgeir Sæter, sendte ut til alle tilsette i Helse og velferd før påske.