F.v. Avdelingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune Desiree Lange og ein av dei tre legane som jobbar i nordsjøturnus i Eikelandsosen, Silje Ramsvik.
Ragnhild Stende Bjaadal
Alle fastlegar i Bjørnafjorden har legevakt som ein del av arbeidsoppgåvene sine. På Os-sida deler for tida 24 legar på å ha vakt ettermiddag, kveld og helg, som i praksis betyr om lag 15 vakter i året per lege. På Fusa-sida delte i utgangspunktet fire legar på det same – noko som betyr 90 vakter i året per lege. Legevakta i Eikelandsosen dekker òg Samnanger kommune.
Utfordrande å strekke til
– Dette er ei utfordring mange stader i landet. Sjølv om vi er i den same kommunen, er det stor skilnad på å vere fastlege på Fusa-sida samanlikna med Os, fordi legane på Fusa-sida må ha langt fleire vakter. Sjølv om folketalet på denne sida er lågare, blir arbeidsbelastninga rett og slett for stor med hyppige vakter i tillegg til høgt arbeidspress på dagtid. Ein skal òg dekke eit svært stort geografisk område. Det er bokstaveleg talt utfordrande å strekke til, seier avdelingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune, Desiree Lange.
– Vi måtte tenke nytt for å sikre stabil drift av legevakta i Eikelandsosen. Då vi lyste ut legevaktstilling i nordsjøturnus, var responsen formidabel. Frå å ha store vanskar med å rekruttere, fekk vi no 40 godt kvalifiserte søkjarar. Det gjorde at vi kunne velje på øvste hylle, smiler Lange.
Ønskjer du å ha fastlege i Eikelandsosen? No er det ledig plass på lista som tre legar deler
-
1. september 2025 opna ny fastlegeliste ved Eikelandsosen legekontor.
Legane Silje Ramsvik, Christian Olsen og Kristianne Nore har fellesansvar for pasientane på listene sine.
Legane jobbar nordsjøturnus: to veker på og fire veker av.
Dersom du vel ein av desse tre legane som fastlege, vil du derfor møte den av dei som er på jobb på det aktuelle tidspunktet.
Du kan sjå oversikt og bytte fastlege på helsenorge.no
Tredeling av oppgåvene
Ein av dei tre legane på øvste hylle, er Silje Ramsvik (39). Saman med Christian Olsen (36) og Kristianne Nore (51), deler ho på å ha legevakt og – frå 1. september– på å vere fastlege i Eikelandsosen. Kvar av legane er på jobb i to veker, før dei har fire veker fri.
Dei tre samarbeider om pasientane på listene sine, og har ledig plass til fleire som ønskjer å ha fastlege i Eikelandsosen. Dersom du vel ein av dei tre legane som din fastlege, må du derfor vere førebudd på at du møter den av dei som er på jobb i den aktuelle perioden.
Trivst godt
– Eg trivst kjempegodt! Dei to vekene eg er på jobb, kan eg fokusere berre på jobben og pasientane mine. Mannen min tar seg av barna på 9 og 12 år, hus og heim. Når eg kjem heim att til Eidsvoll, er eg berre mamma i fire veker. Det er luksus, og ei ordning som passar vår familie veldig godt, seier Silje Ramsvik.
For omtrent nøyaktig eitt år sidan var ho på førstereis til Eikelandsosen, utan å eigentleg vite så mykje om kva som venta henne.
– Då bussen køyrde innover fjorden i strålande sol var det nesten som å køyre inn i ein film. Det er jo så vakkert her! seier ho.
Vestlandsk smerteskala
Ikkje at nordsjøturnus-legane har særleg fritid til å utforske området. Dei er på jobb eller vakt heile døgnet i to veker, med unntak av mellom klokka 8 og 12 på føremiddagen. Då har dei andre fastlegane på kontoret ansvar for legevakta. Doktor Ramsvik skryter av hyggelege pasientar og godt arbeidsmiljø. Ho har òg merka ein viss kulturforskjell i møte med folket som soknar til legevakta i Eikelandsosen.
– Folk her overdriv ikkje på nokon måte. Dei underdriv heller kor sterke smerter dei har. Pasientane heime på Austlandet er mykje meir dramatiske! Men no har eg vent meg til den vestlandske smerteskalaen, altså, ler ho.
Stabil og god legedekning
– Mange har fastlege på Os-sida, men vi veit at mange, særleg eldre og små barn, treng kortast mogleg reiseveg til fastlegen. Ikkje minst er det viktig å ha stabil legevakt. Det har mykje å seie for tryggleiken til befolkninga. Målet vårt var ei god og stabil lege- og vaktdekning i Eikelandsosen, og det er vi veldig glade for at vi har fått til, smiler avdelingsleiar Lange.