Tingey Injury Law Firm/Unsplash
Møtet startar klokka 14.00 i kommunestyresalen. Før budsjettframlegget kjem, skal kommunestyret behandle ein tilstandsrapport for barnevernet, avkastningsrapport for august og andre tertialrapport, som fortel om stoda for tenestene og økonomien i Bjørnafjorden kommune.
Forskrifter
Kommunestyret skal behandle to forskrifter: Forskrift om målform i grunnskulane, og forskrift om skulefritidsordninga i Bjørnafjorden kommune. Dei skal også behandle ein forvaltningsrevisjonsrapport om psykisk helse. Og rustenester til barne og unge.
Ny modell for sjukeheimane
Ei sak om dimensjonering av institusjonsplassar handlar om å etablere ein ny modell for sjukeheimane der talet på sjukeheimsplassar gradvis blir redusert til fordel for heimebaserte tenester. Dette skal kommunestyret ta stilling til.
Prosjekt i miljøløftet
Kommunestyret skal også behandle eit forslag til kommunale prosjekt innan Miljøløftet, revidere retningslinjer for tildeling av kulturstipend og godkjenne ein utbyggingsavtale med Bono Baronsgården AS. Dei skal også ta stilling til ein søknad om fritak frå politiske verv.
Vel ungdomsråd
Kommunestyret skal også velje nytt ungdomsråd. Dei sit i to år om gongen, og no er det tid for nytt ungdomsråd.
Budsjett
Og til slutt skal altså kommunedirektøren legge fram sitt framlegg til budsjett for 2026 og økonomiplan for åra 2026-2029.
Les alle sakene her Møteplan - Bjørnafjorden kommune