Radon er ein naturleg radioaktiv og luktfri gass som blir danna frå uran og radium i berggrunnen.
Copilot/KI
– Alle som leiger ut bustad har ansvar for at radonnivået i utleigebustaden er så lågt som det er praktisk mogleg å få til. Då må ein måle radon. Undersøkingar tyder på at ein del utleigarar ikkje er klar over dette. For å auke kunnskapen og etterlevinga av kravet, deltek vi i den nasjonale tilsynskampanjen med radon i utleigebustader, seier kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.
Les meir om radon på dsa.no
Du som er utleigar må måle radon
Alle som leiger ut bustad skal kunne dokumentere at radonnivåa i utleigebustaden er under grensene for radon. Dersom nivåa er for høge, er utleigar ansvarleg for å gjere tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernsforskrifta og gjeld alle typar utleigebustadar, både kommunale og private.
Les meir om regelverket
-
Slik går du fram for å måle radon
- Du kan måle radon med sporfilmar eller med eit elektronisk radonmåleapparat. Framgangsmåten er den same.
- Sporfilm/måleapparat kjøper du hos ein privat forhandlar. Du finn forhandlarar ved å søkje på internett eller nummeropplysningstenester. Bransjeforeininga Norsk Radonforening har ei oversikt over medlemmer på nettsidene sine, men det finst også andre firma.
- Du kan sjølv plassere ut måleutstyret i bustaden. Følg rettleiinga som følgjer med måleutstyret.
- Mål radon i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april.
- Målinga skal føregå over eit tidsrom på minst to månader.
- Mål i minst to opphaldsrom i bustaden, for eksempel stove og soverom. Har bustaden fleire etasjar, måler du minst i eitt opphaldsrom i kvar etasje. Leiligheiter i bustadblokker som ligg frå og med tredje etasje over bakkenivå, treng vanlegvis ikkje å målast.
- Etter at målinga er gjennomført, sender du måleutstyret tilbake til forhandlaren. Deretter mottar du ein rapport med måleverdiane. Målerapporten er dokumentasjon på målinga.
- Leigetakar skal informerast om radonnivåa i bustaden.
Les meir om korleis ei radonmåling skal gjerast
Korleis skal det førast tilsyn?
Avdeling for miljøretta helsevern i Bergen kommune, på vegner av kommuneoverlegen i Bjørnafjorden, sender ut brev til utvalde utleigebustader. Du som er utleigar får spørsmål om det er målt radon, om målinga følgjer måleprosedyren til DSA, og om det er gjennomført tiltak ved for høge verdiar. I tillegg vil vi vite om leigetakar er informert om radonnivåa i bustaden.
Kvifor er det viktig å måle radon?
Å puste i luft som inneheld radon, aukar risikoen for å få lungekreft. Risikoauken blir bestemd av kor lang tid ein blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Radon i inneluft er den vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking, og medverkar årleg til rundt 400 lungekrefttilfelle i Noreg.
Kva er grensene for radon?
Jo lågare radonnivåa er, desto lågare er lungekreftrisikoen. Derfor bør radonnivåa alltid vere så låge som praktisk mogleg. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3 og grenseverdien, som er ei øvre grense, er 200 Bq/m3. Dette betyr at dersom du måler radonnivå høgare enn tiltaksgrensa, til dømes 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjere tiltak mot radon. Tiltaka må dokumenterast.
Kva gjer eg ved for høgt radonnivå?
Dersom det er høge nivå av radon i ein bustad, kan det setjast inn effektive tiltak. Sjå tiltak mot radon i inneluft