Ei undersøking blant brukarar av tryggleiksalarm og deira pårørande i Bjørnafjorden blei gjennomført tidlegare i år. Målet med undersøkinga var å måle kor tilfredse dei er med tenesta.
– Resultatet viser at både brukarar og pårørande er godt fornøgde med tryggleiksalarmen. I tillegg har vi fått nyttige tilbakemeldingar på korleis vi kan gjere tenesta endå betre og meir treffsikker, seier Linn Andrea Hjelle, rådgivar i e-helse og ansvarleg for undersøkinga i Bjørnafjorden kommune.
Dei fleste av oss ønskjer å leve sjølvstendige liv i eigen heim så lenge som mogleg. Satsing på helseteknologi, som tryggleiksalarm, er sentralt i arbeidet med å dreie kommunale tenester mot meir førebygging og tidleg innsats - det vi kallar Innsatstrappa i Bjørnafjorden.
– Det er veldig positivt å få bekrefta at tryggleiksalarmen fungerer som vi håpa. Undersøkinga har òg gitt oss verdifulle innspel til kva vi må gjere betre og annleis, seier Linn Andrea Hjelle, rådgivar for e-helse og ansvarleg for undersøkinga.
Bjørnafjorden kommune
Les meir om kva tryggleiksalarm er og kven som kan søkje om å få tenesta.
Brukarundersøkinga blei gjennomført som telefonintervju. Konsulent ved Fusa bu- og behandlingssenter, Irene Trengereid, intervjua totalt 60 brukarar av tryggleiksalarm i løpet av nokre veker i februar.
I tillegg fekk 20 pårørande tilsendt digital spørjeundersøking på SMS, kor 13 av desse svarte.
Les også: Brukarundersøking om tryggleiksalarm
Spørsmåla i undersøkinga dreide seg om opplevd tryggleik, informasjon, bruk av alarmknappen, erfaringar frå eventuell utløyst alarm og overordna tilfredsheit med tenesta.
Utdrag frå resultata av undersøkinga:
Kjenner du deg tryggare i heimen etter at du fekk tryggleiksalarm?
- Ja, mykje tryggare 58 %
- Ja, litt tryggare 21 %
- Ingen forskjell 7 %
Kjenner du som pårørande deg tryggare på brukaren sine vegner etter at brukaren fekk tryggleiksalarm?
- Ja, mykje tryggare 62 %
- Ja, litt tryggare 38 %
Synest du at du har fått nok informasjon om korleis tryggleiksalarmen fungerer?
- Ja 83 %
- Nei 10 %
- Veit ikkje 7 %
Synest du at du har fått tilstrekkeleg informasjon om korleis tryggleiksalarmen fungerer og kva det inneber for deg som pårørande?
- Ja 69 %
- Nei 23 %
- Veit ikkje 8 %
– Dette er ei veldig nyttig tilbakemelding. Vi er allereie i gang med å utforme betre informasjon til pårørande om korleis alarmen fungerer i praksis, seier Hjelle.
Tryggleiksalarmen er laga for at du skal kunne ha han på deg heile døgnet - til og med i dusjen og når du søv. Kor mykje har du tryggleiksalarmen din på deg?
- Alltid 37 %
- Mesteparten av døgnet 40 %
- Av og til 13 %
- Aldri 10 %
– Mange av dei som svarer “aldri”, har gjerne alarmknappen liggande på ein fast stad, til dømes på nattbordet. Men vi ser òg at nokon svarer at dei ikkje brukar han fordi dei ikkje treng tryggleiksalarm. Det betyr at vi i kommunen må bli flinkare til å følgje opp aktuelle brukarar som berre har eit forbigående behov, seier Hjelle.
Har du brukt eller utløyst alarmen nokon gong?
Viss ja, korleis opplevde du hjelpa du fekk etter at du trykte på alarmknappen?
- Veldig god hjelp 50 %
- Ganske god hjelp 43 %
- Mindre god hjelp 7 %
Har du som pårørande blitt oppringt frå responssenteret på grunn av utløyst alarm?
Viss ja, korleis opplevde du den situasjonen?
“Bra"
"God, fikk bistand av heimesjukepleia”
“Viste seg å vere falsk alarm”
"Nervepirrande å ikkje vite kva ein vil møte når ein låser seg inn"
På ein skala frå 0 til 10, kor 0 er “Svært misfornøgd” og 10 er “Svært godt fornøgd” - kor fornøgd vil du seie at du er med tryggleiksalarmen?
– Tala viser tydeleg at det store fleirtalet av brukarane er godt fornøgde med tenesta. Vi bad brukarar som gav 5 i skår om å fortelje om kva som eventuelt kunne gjort dei meir fornøgde, og då oppgav halvparten at dei ikkje brukte tryggleiksalarmen og såleis ikkje hadde grunnlag for å svare, fortel Hjelle.
Høg tilfredsheit
Oppsummert opplever både brukarar og pårørande auka tryggleik på grunn av tryggleiksalarmen. Fleirtalet av brukarar som har utløyst alarmen, opplever at dei fekk god hjelp. Det er gjennomgåande høg tilfredsheit med tryggleiksalarmtenesta.
– Det er veldig positivt å få bekrefta at tryggleiksalarmen fungerer som vi håpa. Undersøkinga har òg gitt oss verdifulle innspel til kva vi må gjere betre og annleis. Mellom anna må vi systematisere og styrke informasjonen, retta mot både brukarar og pårørande. Særleg gjeld dette der pårørande står som første respons for alarmsentralen. Vi må sikre god informasjon ved oppstart og gjenta informasjonen ved behov. Vi skal òg evaluere hyppigare, slik at vi til dømes kan endre responsmoglegheit, justere type alarmknapp eller avslutte tenesta dersom brukaren ikkje lenger har behov for tryggleiksalarm, avsluttar Hjelle.