Lyst til å bygge ein oselvar?

Slik ser det ut i den virtuelle Oselvarverkstaden. Picapoint

No kan du bygge ein virtuell oselvar i Oselvarverkstaden sitt heilt eige VR-spel! Ta på brillene, grip handtaka og - vips er du inne i ein tilsynelatande verkeleg båtbyggarverkstad.

Her kan du flytte deg mellom dei ulike stasjonane i verkstaden. Kvar stasjon har ei oppgåve du skal utføre med ulike verktøy, frå kløyving av ein tømmerstokk, til kniping med tong og samling av dei ulike delane i ein oselvar. Spelet byr på moro, utfordring og ny kunnskap for både små og store.

VIDEO: Sjå splitting av ein virtuell tømmerstokk i Oselvarverkstaden sitt VR-spel.

Nye målgrupper

VR - overbevisande illusjonar

VR står for det engelske omgrepet virtual reality - eller virtuell verkelegheit på norsk.
Ordet virtuell kan definerast som "tilsynelatande verkeleg".

Virtuell verkelegheit handlar om å skape overbevisande illusjonar. Nærmare bestemt illusjonen av å vere til stades – verkeleg, fysisk til stades – i eit kunstig miljø som er dataprogrammert eller basert på videoopptak.

For å oppnå illusjonen må du ha på VR-briller, eit apparat som dekker heile synsfeltet og gir  tredimensjonalitet og djubdesyn. Brillene oppfattar kor du beveger hovudet ditt, slik at du kan sjå deg omkring i alle retningar utan å bryte illusjonen. 

Kjelde: Telenor

- Bakgrunnen for VR-prosjektet er ønsket om å nå ut til eit større og yngre publikum, fortel dagleg leiar av Oselvarverkstaden, Vidar Langeland.
Digitaliseringsmidlar frå Kulturrådet og lojale lokale sponsorar gjorde det mogleg å hyre inn eksterne, kreative krefter til oppgåva.

Tilsynelatande Oselvarverkstad

Valet fall raskt på utvikling av ein VR-oselvarverkstad. Erik Aasen og Bjørn Stian Bjoarvik frå det Os-baserte digitalbyrået Picapoint har gått grundig til verks for å skape den tilsynelatande verkelege oselvarverkstaden og -båtbyggaropplevinga. Resultatet er eit svært realistisk miljø kor du blir ein spelar eller båtbyggar i "oselvaruniverset".
- Eg reknar meg i grunn som båtbyggarlærling no, ler digitaliseringsrådgivar, Erik Aasen.

Nye måtar å formidle båtbyggartradisjonen på

- Det er kjekt og viktig at Oselvarverkstaden som ein levande bærar av båtbyggartradisjonen kan ta i bruk nye og "levande" måtar å formidle handverket og kulturarven på. Vi har mange skuleelevar på besøk. Til dømes har vi opplegg for 9. klassingar kvar dag i fire veker under Oselvardagane om hausten. VR-opplevinga er eit spennande tilskot i arbeidet vi gjer mot barn og unge som veks opp kring Bjørnafjorden, seier Langeland. Han ønskjer òg å kunne tilby spelet på andre språk, for å møte den stadig veksande interessa for tradisjonsbåtbygging frå utlandet.

Greier du å sette delane saman på rett måte? Picapoint

Spennande, moro og enkelt

Oppgåvene du får i VR-utgåva av Oselvarverkstaden er spennande og morosame, samstundes som du - nesten umerkeleg - får litt undervisning i båtbyggarfaget og -historia. Når du først blir van med å bruke utstyret, er det kjekt og enkelt å utføre oppgåvene - sjølv om du ikkje skulle ha prøvd VR før. 

Lyst til å prøve? Det er kjempegøy!

Førebels kan du berre oppleve VR-verkstaden om du besøker den ekte og verkelege Oselvarverkstaden.
På sikt vil det vere mogleg å kjøpe og laste ned spelet, som er utvikla for VR-plattformen Oculus/Meta Quest. 
Etter kvart vil spelet bli utvida med fleire scener, slik at du kanskje må ut i ein virtuell skog for å finne 200 år gamle furutre med lite kvist. Eller ut og ro ein virtuell oselvar? Moglegheitene er mange. Prøv sjølv, så kanskje du får idear til utvikling av oselvaruniverset?

Oselvarverkstaden er open for publikum måndag til fredag, klokka 13-15.
Du er hjarteleg velkommen innom for både verkelege og virtuelle oselvaropplevingar.
Dersom de er ei gruppe som ønskjer omvisning/foredrag eller vil komme utanom besøkstida, må de avtale på førehand. Les meir på oselvarverkstaden.no