Måleri-workshop for ungdom

Er du mellom 13 og 20 år, og bur du i Bjørnafjorden? Har du lyst til å måle, vere kreativ og lage deg eit unikt uttrykk? Det er framleis nokre plassar att på gratis workshop 1. og 2. november! 


UKM Norge (Ung kultur møtes) og Kultureininga i Bjørnafjorden kommune er arrangørar.

Kva kan du lære?

Du får ei innføring i å måle med akrylfarge,  og lærer ulike måtar du kan uttrykke deg på. 

Kva kostar det?

Workshopen er gratis, og inkluderer utstyr som måling og lerret. Ta gjerne med deg niste!

Tid 

Fredag 1. november klokka 16-19 og laurdag 2. november klokka 12-15 

Stad

Os Aktiv, Kunstrommet i 2. etasje. Adressa er Oshaugen 2 (ved Os ungdomsskule).

Kven held workshopen? 

Kurshaldar er Inga S. Søreide. Ho er utdanna biletkunstnar og pedagog, og har erfaring som utøvande kunstnar. Inga underviser i Bjørnafjorden kulturskule, og held skapande kurs i Bergen kommune. 

Meld deg på her

Det er 12 plassar på kurset.
Fyll ut og send inn dette påmeldingsskjemaet. Du får e-post frå oss i løpet av 1-3 dagar med beskjed om du har fått plass, eller om du står på venteliste.