Maria frå Holdhus

Kyrkja gjer ikkje mykje av seg i landskapet, men på innsida er Holdhus gamle kyrkje prega av målarglede, og det rikt dekorerte interiøret med blomerankar, draperi og figurar i sterke fargar gjer henne til ei av dei finaste etterreformatoriske kyrkjene i Noreg. Preikestolen er frå 1570 og i koret heng ei katekismetavle frå 1590.
I tillegg huser kyrkja ein heilt spesiell og sjeldan gjenstand frå 1400-talet: Noregs einaste måla madonnaskulptur i stein. 

Birger Lindstad/NIKU

Holdhus gamle kyrkje: Heimen til den gåtefulle Holdhusmadonnaen

Kyrkja var i privat eige fram til 1876. Då blei ho gitt til kyrkjelyden, som seinare selde henne for riving til hotelleigar Hans Holdhus, som igjen selde kyrkja vidare til Fortidsminneforeningen i 1900.

I dag eig og driv Fortidsminneforeningen kyrkja, som er mykje brukt av Hålandsdalen leirskule. Kanskje har du eller nokon du kjenner besøkt kyrkja som ein del av leirskuleopphaldet? La du merke til skulpturen av Jomfru Maria med Jesusbarnet? 

Holdhus gamle kyrkje i vinterdrakt. Ragnhild Stende Bjaadal

Maria frå Holdhus

Holdhusmadonnaen med Jesusbarnet på venstre arm og ei oppslått bok i høgre hand, stod truleg i den gamle stavkyrkja på Holdhus, som blei riven på 1720-talet for å gi plass til den eksisterande kyrkja. 
Kunsthistorikarane trur Holdhusmadonnaen stammar frå Tyskland, Frankrike eller Nederland. Korleis ho enda i Hålandsdalen, veit ingen. 

Ut av muggsopp og mørke

Den gong, for om lag 800 år sidan, stråla ho i sterke fargar av blått, grønt, raudt og gull. Kleda var overstrøydde med blomar og brokademønster i gull, kvitt og metall. 
Korleis veit vi dette? Jo, etter mange hundre år med muggsopp og mørke, blei Maria frå Holdhus i 2011 frakta til Norsk Institutt for Kulturminneforskning (NIKU) for varsam reinsing og konservering. 

Tjære frå stavkyrkjetida

Under eit tjukt lag tjære, som truleg har drope nedover Maria og Jesusbarnet under tjærebreiing av  taket på stavkyrkja dei først stod i, fann konservatorane restane av dei opphavlege fargane. Målinga har bleikna gjennom hundreåra, men NIKU har laga ein film som viser ein digital rekonstruksjon av korleis madonnaskulpturen har sett ut. 

Framleis ei gåte

Holdhusmadonnaen kom heim til Holdhus i juni 2012, etter eitt år med behandling i konserveringsatelieret. Opphaldet hos konservatorane førte til ei rekkje nye spørsmål: Kvifor har tjære runne tvers over boka Maria held i handa, i «feil» retning? Kvifor er det kjegleforma, motståande hol i begge boksidene? Kva er dei merkelege teikna i sokkelen, under Maria sine føter? 

Det er framleis mykje vi ikkje veit om Holdhusmadonnaen. Kanskje er det nettopp derfor så mange av oss blir fascinerte, og tar turen for å beundre henne og kyrkja – og undre oss over både kunstverket og skaparverket.

Les også: Maria fra Holdhus (forskning.no)

Lyst til å besøke Holdhus gamle kyrkje og Holdhusmadonnaen?

Det er sjeldan gudsteneste i kyrkja, men ein gong i året – på Olsok – er det tradisjon for å halde messe i Holdhus. 
Fortidsminneforeningen har fabelaktige omvisarar, og du kan avtale omvisning ved å sende e-post til hordaland@fortidsminneforeningen.no eller torillhjh@gmail.com