Det blir frammøte ved sanitetshuset Kløvertun frå kl 17.30. Her blir det oppstilling av tog og sal av faklar.
Fakkeltoget startar å gå klokka 18.00, og ruta vil vera via Landboden og Torggata til Vognhallen.
Ved Vognhallen blir det samling i friluft under tak med kulturinnslag og appellar frå mellom andre ordførar Trine Lindborg og leiar for Den Ukrainske foreining i Bjørnafjorden kommune, Julia Tveit.
Julia Tveit, leiar i Den Ukrainske Foreining i Bjørnafjorden kommune og ordførar Trine Lindborg inviterer til solidaritetsmarkering for folket i Ukraina.
Erik Vangsnes
Alle som ønsker å visa si støtte og solidaritet med det krigsherja folket i Ukraina, er hjarteleg velkomne til vera med på markeringa. Julia Tveit fortel at foreininga er open for medlemskap frå nordmenn som ønsker å støtta arbeidet deira.
Arrangementet 24. februar er eit samarbeid med andre lokale organisasjonar og Bjørnafjorden kommune.