Mikal Leigland har gått bort

Portrett av varaordførar Mikal Leigland - Klikk for stort bileteVaraordførar Mikal Leigland (Sp) har gått bort, nær 62 år gammal. Os og Fusaposten

Varaordførar i Bjørnafjorden kommune, Mikal Leigland (Sp) sovna stille inn heime i Strandvik i dag, 28. desember 2022, omgjeven av sine nærmaste og etter kort tids sjukdom. 

- Det er med stor sorg vi mottok meldinga om Mikal sin bortgang. Mikal var ein bauta på så mange måtar. Han set spor etter seg, ikkje berre i Strandvik, i gamle Fusa eller i Bjørnafjorden kommune, men i ein heil landsdel. Han var ein ekte samfunnsbyggar, med eit enormt hjarte og varm omtanke for dei rundt seg. Han vil bli sårt sakna av alle oss som har vore så uendeleg heldige å kjenne han, seier ordførar Trine Lindborg.

- Eg er så lei meg, og samstundes takksam for dei tre åra eg fekk jobbe tett saman med Mikal. Vi var ulike, og hadde aldri jobba saman før. Men vi fekk raskt respekt for kvarandre og blei verkeleg gode venner, seier Lindborg. 
- Bjørnafjorden kommune sender varme tankar til kona Magnhild, barn, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Vi kjenner med dykk i sorga. Vi tenker òg på alle dei tilsette i Leigland Bygg som no har det tungt, seier Lindborg.