Mildvêr på veg - gjer plass for smeltevatnet
Frå årsskiftet har snøen vore til både glede og frustrasjon for bjørnafjordingane. Frå søndag kveld er det meldt varmegrader og måndag kjem det mykje regn. Det betyr at store mengder snø kjem til å smelte på kort tid.
Når snømengdene smeltar, kan det bli store problem dersom vatnet ikkje har ein stad å gjere av seg. Hugs at vatnet tar alltid lettaste veg.
Bruk helga godt
- Fjern snø og is som ligg over slukar og kumlokk, slik at vatnet blir ført vekk når mildvêret kjem.
- Lag renner i isen/snøen der vatnet kan bli ført vekk frå gardsplassar og innkøyrsler.
- Sørg for at smeltevatn ikkje blir liggande inn mot grunnmuren. Slik unngår du fuktskader.
- Sjekk takrenner og nedløpsrør, slik at smeltevatnet blir ført vekk frå huset.
- Måk av terrasse og eventuelle tak. Våt snø er tung.
- Sjekk gjerne at slukane i nabolaget ditt er opne. Både kommunale og innleigde brøytefolk står på det dei kan, men dei når ikkje over alt.
- Har du ein nabo som av ein eller annan grunn ikkje kan sjekka eigne slukar og renner? Kanskje du har tid og kapasitet til å gi ei hand?
(Tipsa er lånt frå heimesida til Bergen kommune)
Sist endra 10.01.2025 11:03