- "Kjenn kor blodet brusa, no går da så da susa!" Ausedansen gir feststemning i Tropehagen.
Ragnhild Stende Bjaadal
– Eg veit mange påstår at dei har verdas beste jobb. Men den er det faktisk eg som har, smiler musikalsk leiar for Luraneslåtten sidan 2012, Merethe Hovden. Når Merethe ikkje spelar opp i Tropehagen, har ho songstunder på avdelingane.
Å skape gode øyeblikk
– Musikken har vi med oss heile livet, frå vogge til grav. Sjølv om ein er skral på mange måtar, kan ein framleis ha stor glede av song og musikk. Det skjer noko med oss når vi syng saman. Nokre hugsar ikkje kva dei åt til frukost, men dei kan 14 vers på rams av songane dei lærte på skulen. Det er stort å sjå, og veldig godt å få bidra til å skape slike gode øyeblikk, seier Merethe.
- Eg har verdas beste jobb, seier Merethe Hovden, som leier Luraneslåtten.
Ragnhild Stende Bjaadal
Fantastiske frivillige hjelparar
Luraneslåtten starta opp i 2008, ved hjelp av midlar frå Den kulturelle spaserstokken, og på initiativ frå Grete Byrkjeland i kultureininga i Bjørnafjorden kommune. Musikkstunda blir arrangert i samarbeid mellom Luranetunet, Os frivilligsentral og kultureininga.
Odd Lyssand, Bjørg Haugane, Kari Jacobsen, Ann Sissel Berge, Henny Nybø, Kari Borgen og Kirsten Sørensen utgjer gjengen av songglade frivillige som riggar i stand, trillar rullestolar, gir ei hjelpande hand, serverer saft og stemmer i. I tillegg hjelper frivillige avdelingsvenner med å følgje bebuarar til og frå Tropehagen.
– Luraneslåtten hadde ikkje vore mogleg utan dei frivillige. Dei er fantastisk positive og hjelpsame, seier Merethe.
Odd Lyssand (91) er frivillig slåttekar. - Luraneslåtten er god terapi for mange, seier han.
Ragnhild Stende Bjaadal
– Kviknar til
Odd Lyssand (snart 91) er frivillig superveteran, og gler seg til kvar gong.
– Du ser korleis dei gamle kviknar til når dei kjenner att songane. I tillegg er Luraneslåtten ei sosial hending, der folk treffest på tvers av avdelingane. Det er veldig kjekt. Luraneslåtten er god terapi for mange, smiler Odd.
Sol ute og inne
Tropehagen lever verkeleg opp til namnet sitt denne apriltorsdagen. Sola skin gjennom glastaket frå skyfri himmel, og det kjennest heilt naturleg at Merethe opnar med Sol ute, sol inne.
Herdis Aspenes stråler frå orkesterplass i Tropehagen: – Å, det er så kjekt med Luraneslåtten! Eg har alltid vore glad i å synge, og kjem frå ein musikalsk familie, fortel ho.
Herdis Aspenes gler seg til Luraneslåtten og stråler om kapp med sola i Tropehagen.
Ragnhild Stende Bjaadal
Temperaturen og humøret stig endå nokre hakk når Merethe og co drar i gang dagens “sittedans”. Ausedansen av og med Ausekarane ljomar mellom palmane. Merethe og hjelparane leier an i den musikalske trimøkta, og får smilet og rørslene fram hos deltakarane, som ror og ausar så det knakar både her og der.
Ein minnebank med ønskesongar
Gjennom åra har Merethe opparbeidd ei stor samling med ønskesongar frå folket på Luranetunet. Samlinga spenner frå salmar til drikkeviser, og tel etter kvart mange hundre songar. Til kvar Luraneslått vel ho ut songar som passar med årstida og slagerar frå Ønskekonserten, kombinert med “skulesongar” som til dømes Den fyrste song, Kom mai du skjønne milde og Mellom bakkar og berg.
Merethe har samla ønskesongar frå bebuarane på Luranetunet gjennom mange år. Repertoaret spenner frå drikkeviser til salmar.
Ragnhild Stende Bjaadal
Tradisjonelle bergenssongar er òg populære. Det same er songar frå norske artistar som Halvdan Sivertsen, Bjørn Eidsvåg og Lillebjørn Nilsen – og alt av Alf Prøysen. Kvar Luraneslått blir avrunda med fyrste og siste vers av Song til Os.
Fleire treng følgje
Når songstunda er over, går nokre tilbake til avdelinga for eiga maskin. Dei fleste treng ein arm å støtte seg til. Dei mange rullestolbrukarane må vente litt på tur i heisen.
– Mange må ha hjelp for å delta på Luraneslåtten. Dei tilsette har svært travle dagar, derfor er vi avhengige av at pårørande og frivillige følgjer og hjelper deltakarane. Vi veit at fleire bebuarar gjerne skulle vore med på Luraneslåtten, men manglar nokon til å følgje seg til og frå Tropehagen. Derfor vil vi gjerne ha fleire frivillige avdelingsvenner til å hjelpe oss med dette. Eg lovar at det er ei veldig hyggeleg og meiningsfylt oppgåve, smiler Merethe.