Måndag kom varaordførar Marie Bruarøy med det synlege beviset på at Nav Bjørnafjorden er miljøsertifisert. Frå v. verneombod Gina Hauge i Nav stat, verneombod Helge Kleppe i Nav kommune og miljøfyrtårnansvarleg Michelle Halvorsrød Buczynski takkar.
Elisabeth Farstad
Nav Bjørnafjorden starta arbeidet i mai i fjor, fortel miljøfyrtårnansvarleg Michelle Halvorsrød Buczynski, som elles jobbar som rettleiar i Nav. Så blei dei sertifisert i desember.
Nærværsarbeid
Det synlege beviset på sertifiseringa er plaketten Bruarøy overrekte til Nav, representert ved Buczynski, verneombod Helge Kleppe i Nav kommune og verneombod Gina Hauge i Nav stat.
- Dette heng også saman med nærværsarbeidet vårt, fortel Solheim. - Det er ikkje lenge sidan vi flytta til nye lokale, og der var straum, lys og andre tiltak gjennomførte som gjorde det enklare å gjennomføre resten av sertifiseringsprosessen.
- Vi hadde som mål å gjenbruke minst 50 prosent av personell og utstyr då vi flytta, seier Kleppe med glimt i auget. –
Dette har gjort oss meir medvitne om kva vi kjøper inn og betre kontroll på det som skal ut igjen.
Måler resultat
Arbeidet med miljøsertifisering gjer at alt blir dokumentert. Og resultatet av arbeidet kan ein måle i åra som kjem.
- Etter kvart kan vi måle nedgangen i reiseutgifter fordi fleire møte er digitale; dette er jo noko vi er vane med frå pandemien. Vi måler det også ved å sjå på sjukefråværet, og gjennom medarbeidarundersøkingane vi skal i gang med i mars, seier Solheim.
Det viktigaste resultatet av arbeidet hittil er at dei er blitt meir medvitne om ulike tiltak. Tidlegare to k tilsette med seg plast og flaskar heim for å kunne resirkulere. No kan dei gjere det på jobben.
Mange miljøfyrtårn
Varaordførar Marie Bruarøy har fungert som ordførar medan Terje Søviknes har vore på vinterferie. Det har vore ei aktiv vekt på miljøfyrtårnfronten.
I alt har ho delt ut seks miljøfyrtårnplakettar dei siste vekene:
- Betonggulv A/S
- Beme Corrosion International AS
- Ulvenparken AS
- Carfix Os
- Søre Neset Idrettslag
- Nav Bjørnafjorden
Med desse utdelingane er det 56 miljøsertifiserte verksemder i Bjørnafjorden.
Les meir om Stiftelsen Miljøfyrtårn