No blir det aktivitet på Bergstø gard

Bjørnafjorden kommune kjøpte den gamle planteskulen på Søfteland i februar 2024. 
Målet er å gjere Bergstø gard til ein oase for barnehagar, skular, psykisk helse og andre kommunale tenester – i tillegg til andre samfunnsnyttige initiativ av ulike slag.
For å få i gang aktiviteten på garden, og samstundes halde noko av den store eigedomen og dei mange bygningane i stand, har Bjørnafjorden kommune no inngått avtale med Ungdom i Aktivitet (UiA). 

Bergstø gard på Søfteland var tidlegare planteskule. Bjørnafjorden kommune kjøpte den vel 344 mål store eigedomen (markert i lilla) i 2024.

Ungdom i Aktivitet er eit privat hjelpetiltak som rettar seg mot ungdom som strevar med skulevegring, psykisk uhelse og utanforskap og deira pårørande. Dette er ikkje eit kommunalt tiltak. Avtalen gjeld såleis drift og bruk av eigedomen, ikkje kjøp av tenester frå UiA.

Dette er avtalen mellom UiA og Bjørnafjorden kommune:

  • UiA leiger Bergstø gard med bygg (hovudhuset, låven og to uthus) og nærliggande uteareal rundt tunet i tre år.
  • UiA betaler ikkje leige til kommunen, men må betale straum og kommunale avgifter.
  • Leigetakar har ansvar for alt innvendig og utvendig vedlikehald, inkludert uteområde, tekniske installasjonar og løpande drift.
  • Leigetakar skal gjere forefallande arbeid, og etter kvart kanskje også setje i stand delar av garden. Eigedom drift-avdelinga i kommunen skal godkjenne alt arbeid på førehand.
  • Brukargrupper frå kommunale tenester skal òg kunne bruke garden.
  • UiA og Bjørnafjorden kommune skal ha kvartalsvise møte for å følgje opp kva som skjer og planlegge eventuelle prosjekt for kommunen sine brukarar.
  • Søfteland barneskule skal framleis ha skulehagen sin på Bergstø gard.

– Målet med denne avtalen er å få i gang aktiviteten på området, slik at vi kan tilpasse og utvide tilbodet til ulike grupper etter kvart, seier kommunedirektør Arild McClellan Steine.