No blir det parkering forbode langs Hamnevegen ved Irisgården
Vegen framom Irisgården er smal, uoversiktleg og trafikkert. Parkering langs fortauet på hamnesida er ofte til hinder for annan trafikk, særleg varelevering til butikkane i Irisgården.
For å gjere området tryggare, blir det no forbode å parkere langs vegen mellom Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet.
I løpet av veke 37 blir det parkering forbode langs heile den raude linja.
Google
Forbodet gjeld på høgre side langs Hamnevegen, når du kjem frå brua.
Du kan framleis parkere på oppmerka plassar rundt Irisgården. Desse parkeringsplassane er ikkje kommunale, men privat regulerte og blir kontrollerte av Vestpark.
Parkering forbode-skilta blir sett opp i løpet av veke 37.
Sist endra 03.09.2025 13:06