Greg Rosenke/Unsplash
Kor skal eg levere tekstilavfall?
I Bjørnafjorden kommune kan du levere tekstilavfall til BIR sine miljøparkar i Kolskogen og i Heiane. Klede, sko og tekstilar i god stand skal framleis leverast til gjenbruk, for eksempel til gjenbruksbutikkar eller innsamlingskontainerar.
Kva blir rekna som øydelagte tekstilar?
Tekstilar som er utslitne, hòlete eller har flekkar som ikkje går bort i vask, blir rekna som tekstilavfall. Dersom plagget berre manglar ein knapp, har ein liten flekk eller kan reparerast, kan du levere plagget til ombruk, så lenge det er reint, heilt og tørt.
Skal nokre typar tekstilar framleis i restavfallet?
Ja, tekstilar som er fuktige, mygla eller tilgriste med maling eller olje skal framleis kastast som restavfall.
Er øydelagte sko rekna som tekstilavfall?
Nei, øydelagte sko skal kastast som restavfall.
Kan eg framleis kaste hòlete sokkar i restavfallet heime?
Det er ikkje ulovleg å kaste tekstilavfall i restavfallet, men vi ønskjer sjølvsagt gjerne at du tar i bruk løysingane på miljøparkane. Det er opp til deg og dei andre du bur med kor mykje de ønskjer å sortere, men vi anbefaler å sortere mest mogleg for å redusere restavfallsmengda og auke materialgjenvinninga.
Kva er hensikta med den nye tekstilordninga?
Målet er å auke gjenvinninga av tekstilar, for å spare ressursar og redusere miljøbelastninga, i tråd med EU sine krav.
Er alt tekstilavfall lett å gjenvinne?
Nei, enkelte materialar er vanskelege å resirkulere på grunn av kvaliteten eller samansetninga av stoffet. Likevel bidrar systematisk innsamling til at tekstilane kan blir vurderte og brukte på best mogleg måte.
Kostar det noko å levere tekstilavfall?
Ja, øydelagte tekstilar leverast på lik linje med anna avfall til dei fastsette prisane i miljøparken.
Hugs å sortere dei øydelagte tekstilane frå dei brukbare/gjenvinnbare når du leverer. Ta gjerne kontakt med kunderettleiaren i miljøparken om du har spørsmål.
Hugs at det aller beste er å bruke klede så lenge som mogleg, og selje eller gi dei bort til nokon du kjenner.
Kjelde: BIR