- Mange av oss er allereie godt vande med å bestille legetimar og ikkje minst sjekke prøvesvar via helsenorge.no. No blir det endeleg mogleg å gjere det same for helsestasjonen og skulehelsetenesta, seier leiar for Førebyggande helsetenester i Bjørnafjorden kommune, Marita Måge.
Eininga Førebyggande helsetenester i Bjørnafjorden kommune omfattar helsestasjon for barn, helsestasjon for ungdom, jordmortenesta, skulehelsetenesta og helsestasjon for flyktningar.
Enkelt og sikkert
Helsestasjon og skulehelsetenesta i Bjørnafjorden kommune har tatt i bruk Digihelsestasjon.
Det betyr at du kan logge inn på helsenorge.no, i staden for å ringe oss.
Her kan du òg enkelt og trygt sende meldingar med sensitive opplysningar, sidan du må logge inn med BankID eller tilsvarande sikker innlogging.
Målet med den digitale løysinga er å gjere det enklare for brukarane å få kontakt med tenestene.
Jordmortenesta i Bjørnafjorden kommune vil òg ta i bruk løysinga i løpet av våren.
Slik går du fram
Logg inn på helsenorge.no med BankID eller tilsvarande sikker innlogging. Vel barnet du handlar på vegner av. Vel boksen Helsekontakter (markert med gul ring) for å sende meldingar til helsestasjonen og skulehelsetenesta.
Vel boksen som heiter "Helsekontakter" for å kontakte helsestasjonen og skulehelsetenesta.
helsenorge.no
Dersom du av ulike årsaker ikkje ønskjer å bruke den digitale løysinga, kan du framleis kontakte helsestasjonen og skulehelsetenesta på telefon.
Få varsel før avtalen
Foreldre og ungdom over 16 år kan få varsel på e-post eller tekstmelding i forkant av ein avtale. I tillegg vil du finne relevant informasjon på helsenorge.no, slik at du og barnet ditt kan vere førebudde på kva som skal skje når de møter til avtalen.
Føresette med foreldreansvar kan bruke tenester på helsenorge.no på vegner av barn under 16 år.
Er du over 16 år?
Då har ikkje foreldra dine tilgang til dine opplysningar eller meldingar i helsenorge.no. Dersom du ønskjer, kan du gi andre fullmakt til å bruke tenester på helsenorge.no på dine vegner. Den som får fullmakt må vere over 18 år.
Sjå korleis du gir andre fullmakt på helsenorge.no
Les også:
Helsestasjonstjenester på Helsenorge
Om digihelsestasjon på ks.no